Norway-Cup 2007! 

Vi reiser frå Sæbø på 8.45 ferga laurdag 28.juli!Alle på Sæbøsida av fjorden møter på ferjekaia kl 8.20. Seinast!
Dei på andre sida av fjorden står ved vegen kl 9.00.
Soveposane skal ikkje pakkast i bagen, vi legg dei i bagasjehylla.
Ingen av spelarane tek med pumpe, det gjer Ann-Elin, Rolfen og Mari-Anne.
Vi har begrensa med bagasjeplass så tenk over kva du tek med. Pakk i bag, koffert er så vanskeleg å få plass til. 

Ta med:

* Sovepose
* Liggeunderlag (gjerne luftmadrass)
* Drakta (den som har fleire tek med desse)
* Shorts
* Leggskinn
* Fleire par strømper om du har.
* Fotballsko
* Sæbø dressen om du har 
* Handdukar
* Toalettsaker
* Badeutstyr
* Klesskift (det kan regne i Oslo med..)
* Gode sko å gå i
* Lommepengar
* Sekk til å ha fotballutstyret i. 
* Alle tek med matpakke til reisa, vi stoppar sansynlegvis på   Strynefjellet og et. 

* Alle ha med legitimasjon med foto!! (pass eller bankkort) 

Vi reiser til Oslo for å vinne alt vi kan, dvs. A- finala!
Om vi ikkje klarar det tek vi sikte på B-finala!
Viss vi skulle bli utslegne uten å gå til sluttspel tåler vi det med!
Vi reiser til Oslo først og fremst for å oppleve fotballeventyret Norway Cup ;)
Vi veit at ALLE går på bana for å gjere sitt beste! Så difor må alle vere flinke og bakke opp kvarandre!!!


Vi ser fram til åpningskonserten søndag kl 20.00 der fleire kjente artistar stiller.


Vi spelar 2x20 min kampar med 3 min pause. Vi kan verte utslegne tirsdag dersom vi er uheldige men vi satsar på å gå vidare ;)
Dei to beste laga i kvar pulje går til A-sluttspel og nr. 3 går til B-sluttspelet. 

Vi har nokre forslag til andre aktivitetar..                                                                          
* Pizzakveld + Aker brygge
* Tusenfryd
* Karl Johan
* Bading, ev bowling.
Kom med idear, vi er åene for det meste. (trur vi..)  

Begge laga skal overnatte på Vålerenga skole, jentene overnatta der i fjor og der var fint.
I A-kortet er det med tre måltid pr. dag: frokost på skulen, lunsj og middag i Ekeberghallen, vi er alle med inn og et! 

INGEN får gå åleine rundt og vase i Oslo! ALLE har ansvar for at alle har det bra og for kvarandre! 

* Ta med masse godt humør, det er gratis og veg ingenting! 

* Norway-Cup er kjekt, vi gler oss!!  Helsing frå

Bodil, Rolfen, Ann-Elin, Jorunn, Trond, Mats, Yngve, Emil og Mari-Anne ;)

smågutar

På Grodås-Cup då dei var "små" Bak Andre, Gudmund, Mikkel og Jakob. Framme Thomas, Sivert og Truls.

Grodås cup

Jentene for fyrste gong med eige lag, også på Grodås. Bak, Elisabeth, Rebekka, Tiril og Torill. Framme, Else Marie, Synnøve, Liv Grete, Jenny og Sara.

Bildet på framsida er frå båten til Danmark etter Norway-Cup 2006, Vi var så heldige å vinne oss tur!!