Desse bileta vart sendt meg frå ein notfiskar i fjorden. Eg bryr meg ikkje omå telje, men 60-70 lakselus på denne auren på 2 kg som vedk. notfiskar fortalde meg om, er korrekt. Denne fisken vart teke fredag i førre veker. (29. juni) Eit slikt lusangrep på ein enkelt fisk er prov godt nok på kva som i hovudsak har øydelagd villaks og aurestammene i Hjørundfjorden og vidare fjordsystem. Auren er genetisk bestemt å vandre i fjordane/langs kysten i heile året. Heile tida i "lakselusbeltet." Dvs. resultatet av oppdrettsnæringa. Smolten frå villaksen skal til havs, utsett frå same pesten. Dei aller, aller fleste er dødsdømde.Denne miljøkriminaliteten mot villaks/aurestammene våre har no snart gått føre seg i 10 år.No ser vi konsekvensane. Pjakk og aurestamma i Bondalselva er borte.Mellomstor og stor laks er på vikande front, og langsamt vekk. Jmfr. fisket i fjor. Grunneigarane i Bondalselva er heller ikkje utan skyld. Utvidinga av laksesesongen til 1. september dei siste 3 åra har vore galskap! Følgande må gjerast raskt i Hjørundfjorden for å prøve å verne reistar i Hjørundfjorden etter villaksen. Og for å "omrøme" oss.

 

1. Elvane i fjorden må straks stengast for alt fiske.

2. Laksenøtene i fjorden må stengast. (Einaste lovlege sjøfisket etter laks......)

3. Kontinuerelig press på Ørsta kommune om å oppretthalde sperregrensa mot oppdrett i Hjørundfjorden. (Protestaksjon med 800 underskrifter må haldast "varm")

4. Representantar for Bondalselva (som beste elva i Møre og Romsda i ei årrekkje) må ta initiativ til å samle alle villaksinteressene i Storfjordsystemet til ein felles front mot oppdrettsnæringa.

Enno er det ikkje for seint å syne til at fjordsystemet med sine 28 lakseførande laksevassdrag er unikt. Statistisk, juridisk, moralsk og etisk trakkassert! Denne saka har enno ikkje sett si avslutning.