Folk hadde møtt opp i Bjørke kyrkje til ei nær fullsett kyrkje, for å høyre dei tre musikarane som skulle halde konsert denne kvelden. Dei to unge John Inge Leira Bjøringsøy (18) frå Leira, og Ingrid Vik Henriksen(18) frå Volda, har båe gått på musikklinja på Volda vidargåande skule og hadde med seg sin lærar, Svein Hunnes. John Inge spelte på keybord og piano, og Ingrid,vokal, med trygg og god assistanse frå bassisten Svein, som spelte el.kontra bass.

Kyrkjekonsert Bjørke 27.7.07 web
Folk hadde møtt opp frå heile distriktet for å høyre dei tre.

På repertoaret hadde dei musikk av m.a. Eric Satie, Arthur Hamilton, Magnar Åm, Bill Evans, Oscar Peterson, Keith Jarrett. Ein del av stykka var eigenkomponert, og det var John Inge som stod for komposisjon og arrangement. Som lova så var her mange musikalske godbitar.

Kyrkjekonsert Bjørke 27.7.07 solist Ingrid Vik Henriksen web
John Inge Leira Bjøringsøy, Ingrid Vik Henriksen og Svein Hunnes

Stemninga i kyrkja var å kjenne å føle på frå fyrste nummer, og etter den fyrste delen av konserten merka nok dei tre at musikken sette seg hos publikum, og av den nærheit som var i kyrkja, så losna det litt ettekvart, og publikum fekk oppleve ein konsert av høg klasse.

Kyrkjekonsert Bjørke 27.7.07 piano John Inge web
John Inge Leira Bjøringsøy ved pianoet.

I siste halvdel av konserten kom perlene på rad med John Inge sitt imponerande pianospel i "Hymn to freedom" (O.Peterson) og urframføringar av: "Gjetarjenta Prillar-Guri" og "Prillar-Guri Blues". Den fyrst nemnde, hadde tekst av Bjørke sin personlegheit, Enok Kippersund, og musikk av John Inge. Vokalist var her Ingrid, som framførte denne urframføringa på ein måte som rørte heile publikum. Prillar-Guri Blues (J.Taylor/J.Bjøringsøy) kom i siste fase og vi fekk no fram bassisten Svein i sitt rette element, som tidlegare hadde losa desse to ungdommane trygt i gjennom konserten på sin kontrabass.

Kyrkjekonsert Bjørke 27.7.07.alle tre web
Musikarane i Bjørke kyrkje.

 

Konserten varte i 1,5 time, og publikum var svært tilfredse med ein konsert av ypperste klasse i eit flott kosertlokale.

hjorundfjord.no gratulerar Festivalen på Bjørke med eit velukka arrangement og vi ynskjer musikarane lukke til videre. Vi er overbevist om at vi vil høyre meir frå desse tre.

Kyrkjekonsert Bjørke 27.7.07 båt heim web

Publikum på veg heim til Sæbø, etter ein svært velukka og triveleg båttur til Bjørke kyrkje denne kvelden.