DSCN1385

Kven stiller på Sæbø? Vert Marius Riise i bygda? Er Terje Holen for oppteken med bryllaupet til broder Finn Børre, og er Lars Urke klare for Sæbø? Berre tida vil vise. 

Sæbø-cupen er no ei av dei seniorturneringane i fotball som har vart lengst. Grasbana vart opna i 1974, og då vart det den første turneringa arrangert. Sidan har det vore turnering kvart år.

På slutten av 1990-talet dabba interessa for cupen ned, og det vart då bestemt å endre turneringsopplegget. Dei siste åra har det vorte spelt serie innleiingsvis med kortare kampar på to gonger tjue minutt. Dette har vorte ein suksess, for igjen er det interesse blant laga å stille, og publikum har kome tilbake. Cupen er ei inntektskjelde for fotballgruppa.

P8060006

Ørsta, her med målvakt Thomas Indrearne og kaptein Geir Arne Kaspersen, vann Sæbø-cupen i fjor. 

Det vert seriespel også i år, men fotballgruppa har enno ikkje bestemt seg for om turneringa skal gå over to eller tre dagar. I fjor vart turneringa innleia fredag kveld, og det vart godt teke i mot av laga.

Ein annan ting er at Sæbø-cupen alltid har vorte arrangert i godt ver, og for dei lokale laga er cupen ei verdfull oppkøyring til haustsesongen. Det har vorte diskutert å ta med Sæbø-veteranar som eit eige lag i cupen. Men det vert ikkje i år. Derimot er det høgaktuelt i 2008, då Sæbø IL fyller 75 år, og det er venta at Sæbø IL gjer noko ekstra med arrangementa sine utover jubileumsåret.

Hovdebygda 002

Hovdebygda, her med Jan Egil Gretland, Stian Yksnøy Aasen og Kai Are Stave Aarflot, satsar på siger i Sæbø-cupen i år. 

Vårsesongen har vore god for fire av dei lokale laga, men ikkje for det femte. Lat oss starte med det siste først. Ørsta slit i tredje divisjon. Kenneth Nydahl (eks Sæbø) slit med å få skikk på karane sine i tredje divisjon, og laget slit i botnen.

Vartdal, Hovdebygda og Åmdal har alle hatt ein god vårsesong, og er i toppen av femte divisjon. Sæbø på si side leiar sjette divisjon når ferien set inn. Difor vert Sæbø-cupen viktig for alle laga. Ikkje minst gjeld dette for Sæbø som må køyre inn eit nytt lag. Det synest klart at Mats Riise og Terje Holen forlet klubben til føremon for studiar. Lars Urke og Bjørn Egil Espenakk er i alle fall klare, og dei må spelast inn på laget.

 

I tillegg har Sæbø-cupen det momentet at det er lov med gjestespelarar. Den som følgjer med får sjå. Kanskje kjem det ei stjerne på eit av laga?

 

Her på portalen vil vi kome med nyhende om cupen etter kvart som det nærmar seg turneringsstart.