Det var rett før sist jul at pappa  Kjell Frøland og dotter Rakel bestemte seg for at no måtte det igjen kome hest i Jakobgarden på Frøland. Ingen av dei to var på det tidspunktet det ein kan kalle erfarne hestefolk.  Dei ville difor ha eit roleg og godt tamd dyr.  Då dei etter kvart fekk dei kjennskap til at Eli Anne Standal skulle selje den 13 år gamle merra/hoppa si  - sjølvsagt ein Fjording - slo dei til.  Men eit viktig spørsmål hadde ikkje seljaren eit sikkert svar på; var "Valsetfolla" gravid?

P1010060 (Large)

Her tek folen sine første steg...

P1010062 (Large)

....rett opp i vassbøtta til mor.

No veit både Rakel og Kjell at "Folla" - ho vert helst kalla det no - var nettopp det, gravid. 

Etter det vi forstår gjekk fødselen føre seg utan komplikasjonar, men det var likevel eit lite problem - ingen av eigarane var tilstades under fødselen.  Rakel er f.t. på ein ferietur på Austlandet og Kjell var på ein viktig fotballkamp.  (Sjå anna nyhende her på portalen).  Dermed såg "Folla" seg eit snitt til å få den første folen som har kome til verda på ca. 40 år på Frøland - åleine.  Heldigvis var bror til Kjell, Ole Jakob, ikkje langt unna.  Det er elles mykje som tyder på at "Folla" fola akkurat i det Sæbø gjekk opp i leiinga 3-2 i den viktige fotballkampen.

Så var det spørsmål om kjønn på folen.  Kjell hadde allereie fått ein peikepinn om at det ville kome eit merraføl.  Han hadde fått eit tips om at dersom han tok eit hestetagl, batt ein ring i det og heldt så taglet med ringen attmed sida på "Folla" så ville etter kvart ringen byrje å bevege seg.  Gjekk ringen rundt, noko den gjorde, ville det bli eit merraføl.  Gjekk ringen fram og tilbake, ville det bli eit hesteføl. 

P1010068 (Large)

Kjell sjekkar her kva kjønn folen har.  Som vi ser, nyttar han her metode nr. 2.

Etter ringmetoden skulle det altså vere eit merraføl som kom til verda, men i skrivande stund meiner nok Kjell at "Folla" denne gongen fekk eit hesteføl.

P1010072 (Large) (2)

Nikolai Stokke var den første som fekk klappe - ja, kva namn skal folen få? 

No kan ikkje underteikna mykje om hest, men etter det Kjell veit, brukar dei gjerne å ha merra til hings allereie tre-fire dagar etter ein fødsel dersom ein ynskjer at ei merr skal få føl også neste sommar.  Men Kjell Frøland er her sterk og klar:  Neste sommar skal "Folla" ha eit friår.