Festivalkonsert i Bjørke kyrkje fredag 27 juli kl 2100.

Spanande konsert med musikk av m.a. Eric Satie, Arthur Hamilton, Magnar Åm, Bill Evans, Oscar Peterson, Keith Jarrett.

Det er musikerane John Inge Leira Bjøringsøy, piano, Ingrid Vik Henriksen, vokal, og Svein Hunnes, bass, som presenterer eit flott repertoar med mange musikalske godbitar.

Ein del av stykka er eigenkomponert, og det er John Inge som står for komposisjon og arrangement.

Det vert og eit par urframføringar: "Gjetarjenta Prillar-Guri" og "Prillar-Guri Blues" med tekstar av lokale forfatterar.

Ein konsert det kan vere verdt å få med seg !

Båt frå Sæbø kl 2030. Retur kl 2300.

Les meir om konserten i aktivitetskalenderen

John Inge og Ingrid

Svein Hunnes

Trioen John Inge Leira Bjøringsøy, piano,  Ingrid Vik Henriksen, vokal,  og Svein Hunnes, bass, held festivalkonsert i Bjørke kyrkje.