På denne familiedagen brukar det å være slik at ein kan gå ei runde rundt vatnet, der ein kan delta i ein konkurranse med diverse spørsmål for store og små. Det er også forskjellig å sjå og oppleve på turen. Noko av det første vi kom til var nokre høner, og hestar som barna fekk ri på.  Vi møtte også på Bukkene Bruse.April2006_0701(001)

April2006_0701(009)

Der møtte vi også på Wenche Myklebust som hadde ei trivelig lita eventyrstund med barna.

April2006_0701(004)

Rompetroll var det også spennande å studere langs veien.

April2006_0701(015)April2006_0701(014)

På ein av postane var det motorsagutstilling med sager frå då dei første motorsagene kom i 1950 og utover. Legg merke til saga t.v uten kjede...

Så kjem vi til quizen:

April2006_0701(000)

TIPP VEKTA PÅ DENNE JOBU-JUNIOR SAGA!

Utsikta er det ikkje noko å sei på når ein går rundt vatnet, Ørsta-fjella er heller ikkje så verst.

April2006_0701(027)

 

(Det slo meg at kanskje Knut og Fred ikkje er klar over at det kanskje ikkje er for seint å renne ned frå Saudehornet enda. Ser dokke den samanhengande lange renna ?)

(Sorry AC ;)

 

April2006_0701(023)April2006_0701(025)

Det var også¨fleire dyr å sjå på langs ruta; lam, grisungar og ei stolt lita geit

Dette er noko barna set stor pris på.

April2006_0701(021)

Ein kunne også leige kanoar frå jeger og fisk og ta seg ein tur på vatnet(kanskje litt vanskelig å sjå her, men dei er der)

Tilbake til start kunne ein kjøpe rjomegraut, pølser, lefser og sveler som bygdekvinnene selde.

Og kven trur du ikkje var der å passa på at alt var bra og at alle fekk hjelp om dei trengde det? Jauda, vår alles kjære Bernt Arve som stiller opp alle stadar:)

April2006_0701(032)