Det vart litt "surr" p.g.a Aafk sin kamp mot Rosenborg. Snakk om " drama" for en Giskegat-gutt!! Et poeng i sluttminutta. Forøvrig på same dagen eg for 50 år sidan fekk min første laks i Bondalselva. Som et apropos. 7,8 kg.

Vonleg kjem eit bilete her som kan synleggjere min artikkel tidlegare i kveld.

Dette bilete nr. 2 av same fisken gjev eit endå tydlegare prov på " villaks-pesten" som eg vil kalle han.Som eit resultat av tukling med naturen, og framelsking av ein avvart. Kopilaksen. I tillegg til hybrid-laks. Blanding av villaks og oppdrettslaks avdi dei gyt saman. Ein fisk som "svinsar" rundt i fjordane og veit ikkje kvar han høyrer heime. Genetisk forureining, som det heiter på fint. Denne fisken vil først søke elvar (kvar som helst) når gyteprosessen nærmar seg på hausten.

Villaksen  som høyrer heime i elvar der han utgjer elva si genuine stamme vert det stadig færre av. Som årets fiske syner.