I dag, fredag 6.juni, ca. klokka 2230, dreg vi i gong ein blomsterquiz.  Denne quizen vil gå i sju dagar framover og den som er raskast ute med flest rette svar, har vunne.  Og kva er premien?  Jau, sjølvsagt er det Hjørundfjorden og hjorundfjord.no si vakre t-skjorte.

Denne quizen er  open for alle - sjølvsagt t.d. også for president Georg W. Bush og "vår eiga" Elisabeth Frøland i Australia.

P1010042 (Large)

Nei, prestekragen er nok ikkje med i quizen/konkurransen.

Det er underteikna som har fotografert dei aktuelle blomane og  dei er fotografert her i Bondalen.  Alle fotoa er ikkje like gode, men oppgåvene skal likevel vere like for alle.  No kan du sjølvsagt legge att svaret som ein kommentar under, men det er nok lite lurt.  Vår eigen vevmeister Tor Eirik Trandal har laga denne guiz-adressa:

quiz@hjorundfjord.no

Når du veit - eller trur du veit - svaret, sender du svaret til adressa over.  Du må likevel gjerne kome med kommentarar/opplysningar om planta dersom du veit noko spesielt om den, men det kan altså vere lurt å vente ei stund etter at oppgåva er lagt ut her på hjorundfjord.no kvar kveld ca. klokka 2230-2300.  Oppgåvene vert lagt ut under artiklar.

Lykke til.