No har det seg slik at eg har lurt meg til å ta bilete av Andreas før. Det var 2 mnd før han var 80 år. Eg kan ikkje sjå tilbakegang, kan du?

Alfhild og Andreas 02

For 5 år sidan dreiv Andreas og Alfhild med landbruk også.

På gamlemåten

Eg oppdaga dei i full gong med potetsetting på gamlemåten. Då køyrde eg eins ærend heim att og henta fotoapparatet. Dette var i mai 2002. Eit liknande motiv kan knapt oppdrivast lenger!

Då eg leita etter  bilete av Andreas i det digitale arkivet, fann eg eit bilete til.

Springflo jan 05 017

Her har eg knipsa Andreas og sykkelen då det var springflo i 2005, borti Hustavika.

 

DSC00016

Det er lite tilbakegang å sjå frå dei andre bileta.

Det er nok mykje sykling og lite bilkøyring å takke. Eg har også lagt til merke at Hallvard også syklar mykje. Han har sikkert planar om å sjå like sprek ut som Andreas, når han ein gong vert 85?

På 70 talet gjekk eg mykje i fjellet i lag med Andreas. Han har lært meg ein god del om både fuglar og planter.

Eg har ein del bilete frå desse turane. Desse må scannast, så det får kome med ein gong seinare.

Eg minnast ein gong vi gjekk opp i Koppen frå Standaleidet. Det var dårleg ver, og vi kokte kaffi bak ein stein i ly for sluddbyene.

Då oppdaga eg at vi ikkje hadde koppar med oss. Heldigvis hadde eg ei stor appelsin som eg delte i to, og som vi åt tome. og dermed hadde vi kvar vår kopp.

Då eg skjenka oppi "koppen" til Andreas, krøkte han seg saman bak steinen, smakte på kaffien og sa: Kor ein kan ha det!

GRATULERER MED OVERSTÅTT 85ÅRSDAG DEN 13.JULI.