P6220345

Fylkesmann Ottar Befring stod for den offisielle opninga. Her saman med kraftverkssjef Terje Myklebust i Tussa Energi AS. 

 

Det var fylkesmann Ottar Befring som stod for den offisielle opninga. Han var glad for at Tussa Energi AS satsar på fornybar energi som vasskraft er, og han meinte at det var flott at Tussa heldt opninga til den dagen regjeringa la fram klimameldinga.

Kraftverkssjef Terje Myklebust på si side fortalde om kraftverket. Nedslagsfeltet i Trandaldalen er ti kvadratkilometer. Røyrgata er om lag to og ein halv kilometer, og fallet er 443 meter.

Maks effekt skal etter kvart verte åtte megawatt, men i påvente av ein ny sjøkabel til Standal, er effekten no fem megawatt.

P6220354

Trandal Kraftverk kom i drift for eit og eit halvt år sidan. Fredag vart kraftverket offisielt opna.