Vi reiste med buss til Frøland og gjekk bakkane opp til slåttemarka. Det var ikkje noko problem, for borna i barnehagen liker å bruke beina å vere på tur. Vel framme vart det tid til ein liten pause i det ferdigslåtte graset medan Kjell gjorde klar til arbeid. 

 hesje 1

Det var moro å hengje graset på plass og lage tette grønne veggar som ein kan gøyme seg bak og inni. Slik vart arbeidet som ein leik for ungane.

 

hesje 3

hesje 7

Ekstra moro er det å arbeide når ein får bruke reiskap slik dei vaksne gjer. Det blir meir ekte på den måten.

 hesje 2

Alder er ingen hindring, også dei yngste hjelper gjerne til.

 

 hesje 7

Ei god matpause hører alltid til når barnehagen er på tur. Nistesekkane var tunge, og alle fekk ete pølser med brød. Mange seier dette ikkje er sunn mat - og iallfall barnehagane må ikkje servere slikt. Men her har alle eit godt dagsverk med arbeid bak seg, og like mykje står igjen. 

 hesje 6

Dei aller yngste må ta ein liten blund etter arbeid og mat, medan dei eldre borna nytta høve til å helse på dyra på marka og i fjøsen. 

Vi takkar familien Frøland for invitasjonen, og håper vi kan kome igjen ved neste høve. Vi liker nemleg å vere på tur og ikkje minst å få lov å hjelpe til med godt arbeid. 

Helsing barn og vaksne i Sæbø barnehage.