Baarelaget-01

Nei, det er ikkje gretne gamle gubbar, men Sunnmøre Baarelag. F.v.: Kyrre Grimstad, Arne Moe, Kjell Rune Klubbenes (frå Klubbeneset i Hjørundfjorden) og Frode Sundnes. 

”Minst like bra” heiter den nye plata, som er ei samleplate. Plata har tjueto songar, der tre er heilt nye. Plata inneheld også spennande variantar av kjende baarelags-perler. 

Sunnmøre Baarelag spelar også fredag i samband med Tussa Energi si opning av Trandal Kraftverk. Då er det først ”lukka lag” i telt og ute til ca kl. 22.00 Etter det vart det nok til at Sunnmøre Baarelag spelar eit par sett. Då skal det opnast for alle. 

Laurdag er dagen for platesleppet. Det skjer etter at Tussa har hatt sin opne dag med omvising på Trandal Kraftverk og i Trandaldalen.

Staden for sleppfesten er sjølvsagt Christian Gaard, og sleppkonserten startar ca kl. 17.00. Når konserten er slutt, er det for mange av oss enn tidleg ettermiddag, og det va`kje ej som hadde reist heim då.

For om kvelden spelar Baarelaget til dans på CG, og lovar å spele minst tre sett. Då skal Bertil verte gåen i dansefoten – viss han får løyst seg frå sengjastolpen til ho mor.