Det var alltid spennande når han far smurde opp slåmaskina og starta opp.

Men vi starta alltid med å slå Nilshagen  med langorv. Det var før, då Nilshytta  stod på bygsla grunn.

Dagen før hadde Sima- Rasmus starta å slå i frukthagen i nedste Bakkane.

Vi visste sjølvsagt at ein knallhard slått stod for døra, men det var kjekt likevel.

Det var hesjing og atter hesjing. Det vart dessverre ikkje teke mange bilete av hesjane på
Rise. Det er for sjølvsagt når det står på. men no hadde slike bilete hatt stor verdi.

 

Image-13

Foto frå Simabakkane frå 1954 av Bjarne Riise. Her har eindel av høyet kome i hus. At det heng att nokre halve golv her og der tyder ikkje på topp tørke.

Pelsarhuset, som vi kalla det, i venstre biletkant, var eit gammalt revehus som vi brukte til å ha hesjastaur i.

Vi ser tunet til Einar Riise i bakgrunnen. Det svarte hakket oppe i hjørnet kom av at biletet var tilklipt i ein dekorert album.

Sjølv om eg ikkje saknar hesjinga, må eg tilstå at eg har studert biletet lenge med lupe. Ei veke tilbake til slåtten i 1954 skulle eg betalt mykje for!

ATT00025

På dette fotoet frå 1961 ser ein at det framleis er mykje hesjing. Vi slo alltid ein del i silo før hesjinga tok til. Eg kjenner med ein gong att dei markane som vi slo først, og som ikkje vart hesja. Det er nok mykje anna interressant også på dette biletet!

Eit stort framskritt var det når forhaustaren vart teken i bruk på 60 talet.

Første forhaustaren

Her er underteikna i drift med første forhaustaren. Det var eit samarbeid, der Anders Hustad eigde haustar og vi tilhengaren. Steik, kor kjekt det var!

Men endå vart mykje av graset hesja til turrhøy. Med med traktor og høysvans var det slutt med å trakke i høylasset. Det også var eit stort framskritt.

Eva,Mariann,og Knut

Turrhøytaking. Eva Holen, som bodde i Raudehuset på Rise den gongen og systra mi Mariann, har stilt seg opp i lag med underteikna for fotograf Edvin Riise. Bilete frå 1965.

Men så er vi komne til årets slått. Og forhaustaren er framleis i bruk.

DSC00010

Sigve Aklestad brukar endå forhaustar og tilhengar. Fotografen avslørar seg i eigen spegel.

Sigve var enig i at om nokre år har dette biletet stege i verdi. Kor lenge er forhaustaren i vanleg bruk?

Mykje gras

Her er same markane som var fulle av hesjar i 1954 klar for pressing.

Jan Rune pressar gras

Jan Rune Ville er innleigd pressar i Larsagarden på Rise.

DSC00025

Vedlikehald må til. Jan Rune med greaspressa.

DSC00008

Blomstereng på Pe-garden. Eg la ikkje så godt merke til slikt før.

DSC00001

Har ein fotoapparat i traktoren så er det alltid  motiv. Her er Otto Frøland på sin daglege tur til Gamle-Rise. Han kviler under lønnene. Denne lønna var eine målstonga når vi sparka fotball i Risegarden. Den andre stonga braut huset vårt ned då Korsafonna sletta ut  Gamle- Rise i 1968.

DSC00018

Ole Stokke er også i gong med slåtten. Han har for lenge sidan skifta ut forhaustaren med splitvogn. Ei lessevogn med ein grov slaghaustar i fronten.

DSC00012

Då eg kjem med nytt lass for tøming, held Arne Johan Hustadnes & co på å lesse opp saudene for transport til hamning i Kvamsedalen.

Balletransport

Hallvard og bestefar fraktar avlinga til gards.

Det er kollosal skilnad på effektiviteten frå 1954 til 2007. Men der er stor skilnad på den flokken som dreiv slått før og no. For det meste ein mann, eller i beste fall mann og kone. Då kan det vere godt å ha barnebarn i nærleiken, som kan tilkallast på kort varsel.

Eg kan lett tenkje meg tilbake til stemninga når mor kom med veska med kaffi og kakestykke kl 10. Og  vi sette oss ned og kopla av ei stund i strevet. Dette var kun i slåtten, og det heitte ikkje 10 kaffi, men me- morgos.

 Kanskje dette vart praktisert berre på Rise? På Rise var det ordna arbeidstid. Det vart gått strengt etter klokka. Og vi slutta alltid på slåtteteigen til kl 20. Laurdagane var det kl 16.  Laurdag og non, vart det sagt. Middagstida var frå 12 til 13.30.

Det vart sagt at det var bra å vere dreng eller taus på Rise.

Det einaste avviket i arbeidstida var når det var turrhøytaking. Då kunne søndagen også takast i bruk om veret var truganande.

 Men slåtten tok lang tid. Eg hugsar at dei fortalde at siste turrhøyet ikkje var i hus før 20. august eit år. Så det vart lite tid til ferie. For oss vart ferien oftast ei overnatting i Nøvedalen.

Eg kan ikkje hugse at vi var misnøgde. Men travelt var det ofte. Og Nøvedalsturen, den levde vi lenge på. Særleg då vi var så gamle at vi hadde lært oss å røykje. Eg kan godt hugse ein gong Arne, bror min, Bjørn Urkegjerde og eg spretta ei gul mix så snart vi var sikker på ar Hole Peder ikkje såg oss. Eg kan nesten kjenne kor det prikka heilt ut i fingrande etter første draga.

Søndag kveld då vi kom ned att til Heimste Holen var pakken tom og fingrane brune, same kor vi gnika.