Dette er ein tur alle kan greie og er meint for deg som har lyst til å kome i gong med mosjon, eller t.d. vil ha deg ein luftetur etter middag.

start

Startar du ved ferjekaia brukar du 10 til 15 minutt opp.
Her er god motbakke så du får garantert opp pulsen.

 

halvvegs

 

Halvvegs oppe har Sæbø grendalag  sett opp ein benk, her kan du kvile, og nyte utsikta.

 

Utsikta hv

 

skogaløda

Skogaløda er storstova til grendalaget, ein gong kjend i media,
no mest gøymd i krattet. Skogaløda, med bord og benkar,
kan gjeste 16 personar, her kan du arrangere familiefestar,
personalfestar… eller kva med ein romantisk date?

 

oppe

Vel oppe finn du meir sitteplassar. Utsikta er noko attgrodd
etter lang tid utan rydding, men det gjer ingenting, du har då kome opp.
 
Kom igjen, ut på tur, ta med veslebror eller bestemor!
Husk å skrive namnet ditt i fjelltrimboka, som heng på det vesle huset.
 

Skreve av Haldis Fiskå Mo
Foto av Lovise Mo