Kva er seismikk?
Her støttar eg meg til faktarket til Oljeindustriens Landsforening (OLF) som er ein interesseorganisasjon for oljeselskap og aktørar på norsk sokkel. Seismiske undersøkinga har til hensikt å finne ut om sediment og berg i havbotnen kan innehalde olje eller gass. Undersøkingane foregår ved at eit skip skyt ut seriar med lydsignal ved hjelp av høgt lufttrykk i ei luftkanon under vatn. Lyden forplantar seg nedover i havbotnen. Skipet dreg etter seg hydrofonar som tek opp ekkoet som kjem tilbake frå havbotnen. Dei forskjellige typane bergartar og sediment har forskjellige ekkosignaturar og viser kva havbotnen kan innehalde. Seismiske undersøkingar kan også brukast til andre geologiske kartleggingar.

Kva er konsekvensane av seismikkskyting for livet i havet?
Direkte konsekvensar som skader på fisken er heller små, men det har blitt vist til skader på krabbe, yngel og hørselsorgana til fisk. Dette er skader på individ som er i umiddelbar nærleik til luftkanona og desse skadene er nok begrensa i antal og utstrekning.
Som mange veit vil lyd forplante seg over lange avstandar i havet. Lyden av luftkanona er veldig høg, og vil kunne høyrast over lange avstandar under vatn. Fisk blir skremd av lyden. Dette blir slått fast i ei rekkje undersøkingar, og dette er noko som også OLF viser til i sitt faktaark. Undersøkingar dei viser til, melder at fisk endrar åtferd i opp til 33km utstrekning, og blir vesentlig og direkte berørt i 2km omkrets. Andre undersøkingar viser at fisken som er mest sårbar, ung fisk, yngel og fisk som er i vandring, blir berørt i opp til 100km omkrets. For sjøpattedyr er det vist til enda større omkrets og enda tydeligare endringar i åtferd i opptil 400km omkrets. Dette er i ope hav. Eg finn lite forskning som viser til korleis dette blir i ein fjord. 

Kva skjer i fjorden no?
Etter det eg har kjennskap til, har forskninga som PGS og Møreforskning no gjennomfører i fjorden, som hovudmål å sjå korleis seismikkskyting påverkar torsk og laks i oppdrettsanlegga ytterst i fjorden.
Lekteren skal skyte med luftkanon midt i fjorden mellom Flatneset og Maradalen medan Møreforskning ved hjelp av hydrofonar og kamera skal registrere korleis torsken på Skarbøen og Laksen ved Sagelva reagerer på skytinga. Desse anlegga ligg 12 og 14 km frå lekteren når seismikkskytinga foregår.
Seinare skal også fisken i eit nytt anlegg i Øksavika overvåkast.
Lufttrykket som skal brukast er høgare en vanleg og frekvensen som blir brukt er også annaleis enn ved tidlegare forsøk. Eg har ikkje fått svar frå marinbiologar om dette gir meir grunn til bekymring. Ein kan nok gå ut frå at sidan trykket er høgare er nok også lyden høgare, og rekkevidda lenger enn ved tidlegare forsøk.

Korleis påvirker dette fjorden vår?
Verknaden av seismikkskyting på fisk er heva over eikvar tvil. Rapport etter rapport slår fast at fisk blir skremd av skytinga. Sjøpattedyra vi har i fjorden er ein sjeldan gong ein streifande kval, men mykje nise. Nisene er totalfreda langs kysten, og Fiskeridirektoratet legg føringar for dei som utfører seismikkskyting for ikkje å berøre sjøpattedyra. I dette tilfellet skal PGS avslutte forsøka dersom sjøpattedyr blir observert i fjorden. Har PGS undersøkt om det er nise i fjorden no? Har nokon sett nise i fjorden den siste tida?

No er eg ingen marinbiolog eller fysikar, men konsekvensane av dette kan ein vel ane når fjorden er valgt ut på grunn av få oppdrettsanlegg og lite havbruk og fiske ellers. Avstanden som blir vald å ha til oppdrettsanlegget viser no tydelig kor langt frå det er venta at dette har ei effekt. Når elvemunninga til ei av landets mest verdifulle lakseelver er i direkte linje frå luftkanona, og berre få kilometer unna, så er det vel liten tvil i at dette ikkje er heldig. 

Kva skjer no?
Eg har sendt epost til prosjektleiaren for PGS der eg spør konkret om forhold rundt forsøka, men får berre til svar at forsøka "er i liten skala". Seinare epostar har ikkje gitt noko svar.  Informasjonen eg har fått i hende tyder på at dei kraftigaste forsøka skulle foregå i slutten av mai, og at fiskeridirektoratet var skeptiske til styrken i trykket, den lange varigheita til forsøket og graden av overvåking av nærmiljøet. Direktoratet ser helst at slike forsøk skjer utanfor territorialgrensa. Likevel har ikkje direktoratet eller PGS varsla eller innhenta løyve frå miljømynde eller lokale styremakter. Ørsta Kommune har uttalt til lokalpresse at dei ikkje tolker tilbakemeldinga frå direktoratet som eit direkte løyve, og vurderer no kva skritt kommuna skal ta.  

No håper eg at fleire vil stå fram og markere sin motstand mot prosjektet. Eg anbefaler alle å søkje på nettet etter info og lese om kor kontroversielt dette temaet faktisk er, og gjere opp si eiga meining.

Dersom nokon er interresert kan eg sende meir info på epost: ArnfinnXmelkebart.com
(byt ut X'en med ein snabel-a)

Takk for at du orka å lese heilt ned hit :)