Første omgong vart dominert av Tjørvåg. Sæbø spelte litt rotete, utan heilt å forstå at det gikk an å vinne mot noko dei trudde var eit bedre lag..

forsvar

I forsvar! Mikkel, Jakob, Sivert, Liv Grete og Thomas.

redning

Redning! Liv Grete og Sivert.

Andre omgong vart akkurat slik som vi på sidelinja vil ha ein kamp! Sæbø gikk rett i angrep og scora tre raske mål. Dermed var spenninga på topp!

samspel

Fint samspel mellom Truls og Jon Martin gav resultat. Truls sende ballen fint i mål!

gutar

Thomas, Andre, Mikkel og Sivert.

Då det stod att ti min av kampen var resultatet 5-5. neste mål var til Tjørvåg så utligna Sæbø igjen! Neste mål gikk også til Sæbø før Truls sette punktum for Sæbø med å lobbe ballen fin over Tjørvåg sin målvakt.

 andre og truls

Andre og Truls i angrep!

Tjørvåg sende nok ein ball i noto men det gjorde ingen verdens ting,  stillinga var 8-7 og siger til Sæbø då dommaren sette punktum med å blåse av kampen.

Målskorarar for Sæbø var Truls 6 mål, Jakob 1 og Andre 1.

 IMG_6354

G 16 Sæbø: fv. bak, trenar Yngve Frøland, Jenny, Else Marie, Liv Grete, Truls-Ivar, Thomas, Bjørnar og trenar Mats Riise.                                                                       Framme fv.Jon-Martin, Sivert, Andre, Jakob og Mikkel. (Øystein Dimitri spelar også på laget).