Den som vil studere t-skjorta nøye, kan prøve å klikke seg inn på denne adressa: 

http://www.sunnmore.net/div/hjorundfjord_tskjorte04.pdf

Som dei fleste av hjorundfjord.no sine brukarar allereie veit, er det Frost media i Volda v/Benedicte Kjelland som har laga designet.  Og kva er det vi ser?  Kvar er Trandalhatten?  Kom med kommmentarar under.

tesjorte4

Grafisk designar Benedicte Kjelland og ? Foto:  Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten.

T-skjortene kom altså først i dag.  Difor får vi no svært knapp tid, men i morgon. laurdag, under Hjørundfjorddagane vil salget starte - ca. kl. 14.

Og litt tørre fakta:  Den er i både i dame- og herrefasong. Når det gjeld storleikar, vil den verte selt frå S til XL når det gjeld damer.  Fargane for damer er turkis, lys grøn og ein grøgrå farge(petrol).

Herre: S til XXL.  Fargane her er Marine, Petrol, Dusty grøn og Turkis. 

Barn: 140 til 160.  Fargane her er sitrongul og royalblå.

Pris:  Kr. 250,- for vaksne.  Kr. 225,- for barn.  Dette er eit kvalitetsprodukt der både skjorte og trykk skal tole vask godt ved 40 grader.

t-skjorter_oversikt

Tre av fargane vi har, dvs. dusty grøn, petrol og marine.

Under Hjørundfjorddagane vil hjorundfjord.no ha eigen stand der t-skjortene også vert å få kjøpt.  I første omgang har vi kjøpt tilsaman ca. 600 t-skjorter, men det er klart at vi kan verte heller raskt tome for populære fargar og storleikar.  Difor:  Det eringen grunn til å vente - spring og kjøp.