Klikk på fotoa for stor versjon.

Eg har nemnt det her på portalen også - laurdag den 2. juni knekte eg teleskopskistaven min. Det måtte vere ein verdig måte å avslutte skisesongen på - tenkte eg. Det er nemleg ikkje så lett å få kjøprt gode skistavar i juni.  Men så oppdaga eg  at mi kjære dotter Karoline hadde fått seg slike stavar...

Sjølvsagt skal ein bonde drive med slått denne tida - og gjer det vel også.  Men så tikka det inn nokre tekstmeldingar - blir du med på Romedalstinden? Det er vel berre å innrømme det - nei, vart etter kvart til ja.  Klokka 2045 var Ronny Opsahl og eg klare med ski, skisko og sekkar på ryggane.  Målet var Romedalstinden.

P1010001 (Large)

Ronny gjer seg klar på Steinstøylen i Romedalen.

Det må også seiaast at Romedalen slett ikkje er berre for fjellfolk.  Dalen i seg sjølv er svært vakker. Og der setrevegen sluttar ligg Steinstøylen - utruleg velhalden.  Ein kveldstur på ein lite bratt veg er absolutt å tilrå anten på føtene eller på sykkel. Sjølvsagt kan du også bruke bilen - det kostar kr. 30,- i bompengar.

P1010003 (Large)

Ronny er snart oppe på Steinstøylskaret og Brillevatnet.  Setra under er Steinstøylen.

Når folk tek med seg ski til fjells på denne tida av året, er det sjølvsagt for å få køyre/renne ned att på ski - som oftast under flotte forhold der det er snø. Allereie ved Steinstøylskaret traff vi snø og vi rann heilt ned hit (ca. 750 m).   I "Skiturar i Sunnmørsalpane" vert denne turen karakterisert som "Isøkstur", men turen oppover snøbreen gjekk utan problem - omtrent midtsommars.

Romedalstinden_mfl_fra_Sula

Dette oversiktfotoet har eg fått tilsendt frå Svein Myhre.  Raud strek syner omtrent ruta vi gjekk opp frå Steinstøylskaret. (Omtrent der raud strek startar).

P1010010 (Large)

Bak Ronny er Romedalstinden.

Som nemnt  tek ein med seg ski på fjelltur for å få bruke dei att.  Problemet er - når ein ein går slike seine kveldstimar/nattetimar - at det vert for mørkt til å fotografere nedfarten.  Difor vert det her lite med køyrebileter, men du verden for ein vakker opptur.  Under tek eg med ein del foto.

P1010012 (Large)

Ronny må ha meg unnskyldt, men fokuset må vere på skipet i bakgrunnen.  Men kva heiter det?  (Her må nok skipsekspert Sondre Kristoffer Mo hjelpe til)

P1010014 (Large)

Dette er nok underteikna.

P1010017 (Large) (2)

Så er vi oppe i sola igjen.  Antrekket er lett, men sekken er tung... P1010045 (Large)

Kva er himmel og kva er hav?

P1010049 (Large)

Det treng ikkje vere snøstorm når ein går på ski. Brillevatnet ned til venstre(?).

P1010051 (Large)

Så er vi oppe i skaret der vi tok av skina.

Dei siste ca. 90 høgdemeterane gjekk vi på føtene.  Klokka var på dette tidspunktet ca. 2330 og det vart litt problem med lite lys for fotografering, men det er no vakkert?

P1010057 (Large)

Skina står att.  Vi tek føtene fatt.

P1010062 (Large)

Ikkje dett ned her...

P1010066 (Large)

Målet i sikte.

P1010068 (Large)

Romedalstinden har to toppar.  Den høgste er sjølvsagt lengst borte.

P1010069 (Large)

Egga mellom dei to toppane, men det går ei rås under til venstre.

P1010069 (Large)

Ikkje veit eg om vi har lov til å vere oppe så lenge, men vi er no på 1295 m.

Romdelastinden overraska svært så positivt.  Ei fantastisk utsikt frå toppunktet - ikkje minst mot havet og i aust såg vi.... Ja, kva såg vi?  Her må Svein Myhre orientere oss. 

P1010086 (Large)

Kva er dette for ei fjellrekke?  Kva heiter fjella?

P1010091 (Large)

Og månebana vart justert.

Då vi starta nedkøyringa med ski hadde det blitt såpass kaldt at det hadde danna seg ei litt vanskeleg skorpe på snøen dei første høgdemeterane ned frå toppområdet.  Men lenger nede vart forholda svært så gode.

Telemarkkøyring kan Herr Ronny Haugen.  Eg la meg bak for å lære.  Diverre var fotoutstyret mitt for dårleg til å fotografere i såpass lite lys sjølv om det var ingen problem med å sjå.  Eg legg med eit par foto likevel.

P1010105 (Large)

Som eit bevis på at vi brukte ski ned att.

Ronny

Og eitt til...

Fred Ingar Somby gjekk denne same turen kvelden før.  Han tok eit panoramafoto frå toppen mot sør.  Her kan vi sjå bæde Kolåstinden, Skårasalen, Sætretindane osb.

Pan romedalstind mot sør b