P1010011

Kva heiter denne blomen?

Blomane vi finn på fjella-  eller i fjelldalane våre  er oftast låge. Likevel kan dei vere svært så vakre der dei nærast gøymer seg mellom lyng og gammalt gras.  Sjå berre på denne fine, gule blomen som vi fann sist søndag.  Men kva heiter den?

Eg hadde sett meg ned for å ta ein liten kaffipause på Vasstøylen då Lars Petter Strandmann kom i full fart.  Han oppdaga då ein liten fugl som flaug av reiret sitt, gøymt  i lyngen berre ca. ein meter frå der eg sat.  Det var ikkje så lett å fotografere egga i reiret - kameraet ville heller fokusere på lyngen.  Er det likevel nokon som veit kva fugl det kunne vere som låg på egga sine?  Eg veit ikkje sjølv svaret på dette siste spørsmålet, men kanskje er det nokon som veit?

P1010025

Kva heiter fuglen som har bygd reir i denne tua, tru?

Ja, også sist søndag var det ein fin dag i Hjørundfjorden.  Det meinte dei etter måten mange som var på skitur på Skårasalen også.  Men kanskje er det på tide å byte ut skina med fiskestonga snart?

P1010031

Ski eller fiskestang?  Eller kanskje både og?  Ja, fjellet i bakgrunnen er Klovtinden.