Baarelaget 023

Arild Rønsen (t.h.) syng Hoochie Coochie Man saman med Arne Moe og Kyrre Grimstad (i Vålerenga-drakt (!)). 

På Trandal var det laurdag ettermiddag ein kombinasjon av Open dag med Tussa, platelansering til Sunnmøre Baarelag, og sponsortreff for Vålerenga sine støttespelarar. Det skulle vise seg å verte den perfekte kombinasjon.

Det tok av etter kvart som Sunnmøre Barrelag spelte frå si nye plate. Då Blide mann vart spelt, steig stemninga. Då fann Kyrre Grimstad i Sunnmøre Baarelag det for godt å invitere Arild Rønsen på scena. Han er musikkjournalist, fotballentusiast og faktisk ein dyktig songar. Rønsen og Baarelaget sette i gong med bluesklassikaren Hoochie Coochie Man, og sjeldan har det vore meir trøkk på Trandal. Publikum, så vel dei som var på Tussa sin opne dag, dei som kom for å høyre Baarelaget og Vålerenga sine sponsorar, vart med.

Band og songar vart ein eventyrleg miks, og då Kjell Rune Klubbenes drog i gang ein feit gitarsolo, vart det nesten ekstatisk.

 

Baarelaget100

Kjell Rune Klubbenes spelar sannsynlegvis den feitaste gitarsoloen som nokon gong har vorte spelt på Trandal. 

Jubelen ville mest ingen ende ta, og Rønsen berre utbraut: "For eit band". Etter at Sunnmøre Baarelag var ferdige, sette nokre av Vålerenga sine sponsorar, med Rønsen i spissen, i gang  med "Vålerenga kjerke". Dette er ein song som er laga av Bjølsen Valsemølle, og har vorte Vålerenga sin eigen fotballsong.

- Sjeldan har det passa betre å syngje denne songen enn i desse omgjevnadene, i denne katedralen av natur, sa Rønsen innleiingsvis, og då skodda letta midtveges i songen, og fjellmassivet i Høydalen - og Sylvkallen og Holmshornet kom til syne, berre stoppa Rønsen og utbraut: " Sjå på dei greiene der, då....", og vart heilt mållaus.

 

Baarelaget 051

Det var jubel for Sunnmøre Baarelag på Trandal laurdag ettermiddag. 

Vålerenga-folket reiste frå Trandal fulle av inntrykk, og på ein skikkeleg opptur. Då er det berre å vente og sjå om oppturen varte over kampen i Ålesund, og at inntrykka vart så sterke at jungeltelegrafen går, og at folk kjem tilbake til Trandal og Hjørundfjorden.

 

p.s Det ryktast at Sunnmøre Baarelag kan tenkje seg ein tur tilbake i løpet av sommaren.