Trandal kraftverk ligg like ved sjøen i bygda Trandal i Hjørundfjorden. Tussa fekk konsesjon på å byggje kraftverket i september 2004, og allereie i oktober vart spadane sette i jorda.

Første kilowattimen

Ein viktig milepel i Trandal-utbygginga var då maskina snurra i gang 14. desember. - Etter oppreinsking i lukehuset starta vi arbeidet med fylling av rørgata, og vi fekk første snurren på aggregatet. Deretter var utfordringa å få maskina på nettet, fortel kraftverksjef Terje Myklebust. Og 17. desember kryssa første kilowattimen Hjørundfjorden.  

Stor interesse frå Sæbø skule

Sæbø ungdomsskule vart tidleg involvert og viste stort engasjement for utbygginga av Trandal kraftverk. Samarbeidet mellom skulen og Tussa gav elevane høve til å bli betre kjende med Tussa, dei vitja fleire kraftverk, og fekk følgje utbygginga på Trandal frå første rad. - Ved å gje skuleungdomen innpass, ønskte vi å auke forståinga av kva elektrisitet er, seier prosjektleiar i Tussa, Syver Hovdenakk. Og elevane sa sjølve at prosjektet var både spanande og lærerikt.  

Offisiell opning og open dag

22. juni er det duka til offisiell opning av kraftverket, med 70 inviterte gjestar. Dagen etterpå arrangerer Tussa open dag på kraftverket for alle interesserte. Tussa har leigt båt som skal frakte besøkande til og frå bygda.  

Planlegg sjøkabel

Trandal kraftverk har kapsitet til å produsere 25 GWh. Men i dag vert det berre produsert 20 GWh. - Nettet har for liten kapasitet til å føre all straumen ut frå bygda. Difor planlegg vi å leggje sjøkabel som vil føre straumen frå Trandal og komande Urke kraftverk til Standal, fortel Terje Myklebust. Mest truleg vil arbeidet med sjøkabelsystemet starte opp til neste år.  

25 GWh i året

Trandal kraftverk er eit såkalla elvekraftverk, og det er Trandalelva som er bygd ut. Kraftverket har ei fallhøgd på 443 meter, og eit nedslagsfelt på om lag 10 km2. Installert effekt i kraftverket er på 8 MW, og det er forventa ein årsproduksjon ved normal drift på om lag 25 GWh. Det vil seie at kraftverket på Trandal kan forsyne 1.250 husstandar med kraft på eit gjennomsnittsforbruk på 20.000 KWh i året.

 

Saka er saksa frå Tussa sine nettsider. (Amdinistrator)