Klikk på fotoa for stor versjon.

Ser du i lakseprotokollen ved Hustad bru, oppdagar du raskt at det framleis berre er tre fiskar/laksar som er landa i Bondalselva denne sesongen.  Men det brydde ikkje dei tre som fiska i osen i morgontimane seg noko om.  Det er som kjent von i hangande snøre - eller heiter det det når du fiskar med fluge?

Utsikt (Large)

Elvefiske eller fjordfiske?

Nedst på elverampa, heilt på grensa til Hustadvika og Hjørundfjorden, stod det ein herre i dag morgon og fiska.  På dette tidspunktet levde han nok framleis i vona om den store fangsten, men no i kveld kunne vi lese i protokollen at laks, nei, det fekk han ikkje.  Likevel var nok ikkje dei kronene fiskekortet kosta, vekkasta.  Han kunne nyte ei flott utsikt mot Hustadneset, Slogen og bilferja MF "Nørvøy".

Litt lenger framme, på motsett side, stod det ein annan flugefiskar.  Heller ikkje han fekk fisk, men det såg ut som han hadde fått skikk på kasta sine.  Vrei han litt på hovudet, kunne han sjå ei vakker - og snart verna(?) - naustrekkje.

IMG_5081 (Large)

På tide med eit nytt kast - snøret må opp...

IMG_5083 (Large)

...bak....

IMG_5082 (Large)

...og kast.  Dette vart vel bra?

Nei, det vart nok ingen som fekk fiks i Bondalselva i dag, men i morgon er det på han igjen - klokka 06.

P.s.:  Er det korrekt at det rette namnet til Bondalelva er Bona?

d.s.