Klikk på fotoa for stor versjon.

I dag var dagen komen - Bilferja BF "Fjord Øye" hadde sin første tur frå Magerholm til Leknes i Hjørundfjorden.  Dei 40 passasjerane fekk sett ein fjord som i dag viste seg fram frå si vakraste side.

IMG_4436 (Large)

BF "Fjord Øye" på veg inn Hjørundfjorden.  Trandal i bakgrunnen.

Det er selskapet 62 grader Nord, med hovudkontor i Ålesund, som no satsar friskt på turismen på Hjørundfjorden.  I første omgang vil den nyoppussa bilferja MF "Fjord Øye" ha to daglege avgangar frå Magerholm til Leknes med retur. Men etter den 25.juni vil selskapet auke til tre daglege avgangar.

IMG_4418 (Large)

Passasjerane ombord på MF "Fjord Øye" vil få ei vakker utsikt når dei tek turen på Hjørundfjorden.

Dagens skipper ombord på MF "Fjord Øye", Per Kristian Reite, opplyste til hjorundfjord.no tidlegare i dag at denne første turen til Leknes gjekk utan problem av noko slag.  Rett nok var ferja litt etter ruta, men det skuldast ikkje problem med ferja.  Forseinkinga hadde si årsak i litt ekstra papirarbeid og ikkje minst stopp av ferja på fjorden.  Ferja måtte stoppe fordi journalistar og fotografar skulle få sitt. 

Det var ordføraren i Ålesund, Arve Tonning, og reislivssjefen i Ørsta, Hjørdis Kristoffersen, som stod føre den offisielle opninga av denne ruta med tilhøyrande  snorklipping.

Tom Tøsse i i 62 grader nord lovar at ferja vil gå på Hjørundfjorden heile sommaren.  Han vonar at mange vil nytte seg av dette tilbodet.  Kanskje vil ein del frå Hjørundfjorden nytte ferja for å gjere ein handel i byen.

MF "Fjord Øye" vil gå frå Magerholm klokka 0840 og 1230.  Som nemnt vil ho etter 25.6. gå ein tur til - klokka 1545.  Frå Leknes vil ferja gå klokka 1020 og 1410.  Etter 25.6. vil ho gå frå Lekneset også klokka 1720.  Prisen vert kr. 230,- for bil, kr. 100,- for vaksen passasjer og kr. 50,- for barn.

IMG_4438 (Large)

MF "Fjord Øye" og katamaranen "Fjord Molde"(t.h.) inn Hjørundfjorden.

IMG_4453 (Large)

MF "Fjord Øye" ved kai på Lekneset.

Selskapet 62 grader Nord satsar altså stort på Hjørundfjorden.  I dag hadde selskapet også den hurtiggåande charterbåten "Fjord Melde" på fjorden - full av passasjerar.

IMG_4456 (Large)

Så er BF "Fjord Øye" (og "Fjord Molde" ) på veg ut Hjørundfjorden igjen...

hjorundfjord.no vil sjølvsagt få takke Roy Lillebø som stilte både med båt og mannskap slik at vi fekk fotografere.

IMG_4407 (Large)

Stor takk til Roy Lillebø som stilte med "Veroks" (båt til høgre) slik at hjorundfjord.no fekk fotografere frå sjøsida.