Strandpromenaden:

Arbeidet fortsetter denne veka, og gjennomførast i tett samarbeid med Ørsta kommune og med utgangspunkt i gjeldande reguleringsplan. Mot hotellet manglar her enno litt masse, her ser vi for oss ein vakkser bue utover mot hotellet sitt anlegg. Kanskje med ein slakk helling slik at det blir lett å kome seg ned til fjøra.

Midt på denne delen av promenaden ønskjer vi å lage ei lita halvøy ut mot sjøen - den vil kanskje ligge litt lågare enn promenaden og gi rom for ein benk for meditasjon og kanskje litt romatikk? Då treng vi sikkert nokre tre eller buskar som skaper rett stemning. Frå dette området tenkjer vi oss ein sti/gangveg over promenaden og inn til aldersheimen.

 

taj mahal

Ein annan berømt benk - kanskje litt ambisiøst for oss?

Kjelde: http://www.mre.gov.ve/Noticias/A2004/Gira_Iran_India_china/Fotos-India/TajMahal-11.jpg 

Sjølve promenaden leggast ut mot sjølinja med låge lys på innsida - slike lys dei har i småbåthamna i Ørsta trur eg.  Lenger inne kanskje ei rekkje med tre for å skape skugge og vise grensa til aldersheimen? Eg trur eg stemmer for rognetre. Rogna er så vakker med kvite blomar om sommaren og raude bær om hausten.

rogn

Kjelde: www.skogsnorge.no 

Lisjeelva:

I følge reguleringsplanen skal Lisjeelva leggast i rør, mellom anna for å gi rom for ny vegløysing og fleire parkeringsplassar gjennom Sæbø sentrum. Her er bygda delt i meiningane sine. Mange ønskjer ei løysing der vi framleis kan behalde ei opa elv i sentrum, og denne tanken støttast av planavdelinga i kommunen. Nett korleis dette skal gjerast vurderast i tett samspel med kommuneadministrasjonen. Men her er komne innspel om plass til "elvedelta", plastring lengst nede eller forlenge mursidene som vi finn på elva lenger oppe. Meir vatn i elva vurderast og.

Kryssing av elva krev omtanke. Skal vi ha ei vakker trebru heilt yst mot sjøen? Eller ein meir solid bru som kan brøytast litt lenger inne? Kjem her kanskje ny veg og stor bru ein gong i framtida? Kanskje må vi velge ei mellombels løysing - iallfall slik at skuleborn og dei frå aldersheimen kan gå på brøytt gangveg vinterstid.

Grøntområde:

Fleire ønskjer seg velstelte grøntområder med benkar til å setje seg ned på. Ørsta kommune arbeider med ein plan for grøntområde i kommunen, og det gjeld å samarbeide med dei - iallfall når vi vil dei skal klippe og vedlikehalde desse grønne lungene for oss. Vi har fått melding om at kommunen kan klippe ved branngarasjen - men først må holer og kular jamast ut. Vi tenkjer oss og at alt nytt område mot sjøen og promenaden skal få på jord og gras og klippast jamnleg av kommunen. Her skal vere rom for tre, buskar og benkar - men slik at vi klarer å halde det velstelt og ikkje gror att.

park1 Kanskje litt for avansert for oss?

Kjelde:www.wilanow-palac.art.pl

Benkar og bord:

Mange ønskjer fleire stadar å setje seg ned i Sæbø. Some for å kvile, andre for å nyte utsikta. Her må vi tenkje god kvalitet, enkelt vedlikehald og godt utsjånad. Då blir det helst benkar og bord frå Ørstagruppen (som vi har nokre av i Sæbø frå før). Desse kostar pengar, så her må vi arbeide langsiktig med finansieringa......

bekn1    benk   Kjelde: www.orsta.com

Boss og avfall:

Vi planlegg å ta kontakt med VØR og be dei finne annan (sentral) plassering for containarane sine slik at dette ikkje er det første færande med båt ser når dei stig i land på flytebrygga vår. Forslag vi har fått frå dykk blir lagt fram for dei. Og så drøymer vi framleis om ein såkalla "grovavfallsplass" for Sæbø/Bondalen. Ein ryddig og oversiktleg stad å leggje frå seg hageavfall og returavfall i containerar som tømast av VØR. Er dette ein uoppnåeleg draum, eller kan vi saman vekkje han til live?

returpunkt  hamburgsund

Kjelde:  http://www.norrkoping.se og  http://www.rambo.se

Fergekaia:

Vegvesenet har lova oss å stelle i stand området. Vi trudde faktisk dei skulle vore ferdige no, men ingen har sett noko skje. Det blir tatt kontakt og purra på.

Kapteinkvia:

Vi treng meir pengar for å starte opp eit godt arbeid på Kvia, og skal søkje om Tippemidlar. Då må det lagast ein svært grundig kostnadskalkyle og finansieringsplan, kanskje må det hentast inn "ekspertar" til hjelp.  

På "vent":

Saker som bunkerane, turisttoalett mm. står litt på vent, vi må få i hamn prosjekta vi har starta opp.

Andre idear og innspel?

Kontakt medlemmane i Bygdeutviklinga og sei frå. De finn oss på portalen, på telefon, epost, vanleg post og ansikt til ansikt.