Norges vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5091, Majorstuen
0301 OSLO
                                                                                                                   20.06.07

Innleiing

Hjørundfjorden Bygdemobilisering er eit offentleg støtta samhandlingstiltak for Hjørundfjorden. Gjennom trivsel- og sysselsetjingstiltak har HB som mål å utvikle engasjement og busetjing basert på dei naturlege føremonar området har. Eit nær urøyrd tindelandskap med fjorden og omkringliggande, levande bygder er slike føremuner.

Bygdemobiliseringa vurderar kompetansen sin spesielt til å gjelde linetrasèen i Hjørundfjorden og dei verknader ei eventuell linje har for framtida. Vi vil såleis, enten sjølve eller i samarbeid med andre, søke å dekke alle tema og aktuelle alternativ Statnett er pålagt å utgreie. Sjølv om fagutgreiingane nær eintydig ser austre trasé (H2) som det beste, eller rettare sagt det minst uheldige, så vil vi søke meir spesifikt å vise dei svært uheldige konsekvensar for Hjørundfjorden med vestre trasé (H1).

Skissekart Leivdal- Ørskog

Vi vil temamessig ta for oss verdiane som vert påverka og fôrringa med vestre trasé. Til slutt vil vi kome inn på, dersom vi ikkje vinn fram med synet vårt, krav til avbøtande tiltak. Dette må likevel ikkje oppfattast som i nærleiken av å akseptere vestre trasé som løysing.

Landskap

Generelt om landskapet. Sunnmørsalpane med Hjørundfjorden som kjerneområde er nasjonalt og internasjonalt kjent som eit svært attraktivt reise- og friluftsmål. Tilliks med alpane i Lyngen er dette eit av dei mest urøyrde tindelandskapa vi har i Noreg. Dei norske alpar, eller det meir norske omgrepet tindar, er særmerkt med at tinden si forankring er fjorden og han endar i ein spiss. Eit område med mange slike fjellformasjonar vert definert som tindelandskap. Fridomskjensla er stor der ein skodar utover tindelandskapet nær fritt for synlege tekniske inngrep. Trass i ei eldre 132 kV-linje og andre mindre inngrep, er Hjørundfjorden og omkringliggande tindar eit verdfullt og heilskapeleg landskapsområde, med eit mykje stort potensiale innan reise- og friluftsliv, som mellom anna styrker nasjonen sin identitet som fjelland med attraktive område både i innlandet og ved kysten.

Hjørundfjordstranda frå Starandab.20070618_1088
Hjørundfjordstranda sett frå Strandabøen 

William Cecil Slingsby kom for første gong til Hjørundfjorden i 1876 og gjorde seinare dette spesielle landskapet kjent – ikkje minst i heimlandet, England. Fleire fjellpionerar følgde etter og mest kjent her på Sunnmøre etter Slingsby er C.W. Patchell som kom i 1892 og som  fikk turisthytte oppkalla etter seg.

I helane på fjellpionerane kom europeiske aristokratar der den tyske keisar Wilhelm med hoffet sitt var gjengangar i tida frå 1889 og fram mot 1914. Frå 1918 vitja dronning Wilhelmina frå Nederland fjorden heile 12 gonger. Begge desse og seinare kongelege vitjingar og ikkje minst merksemd frå dronning Sonja, stadfestar kor attraktiv Hjørundfjorden var og er. Meir historie frå Hjørundfjorden kan ein lese i Arill Riise si bok ”Blå fjordar, blått blod” (1).  Det kan og nemnast at det var heile fire hotell i drift i Norangsfjorden/Norangsdal for ca. 100 år sidan. Hotell Union på Øye er her framleis og Villa Norangdal på Fivelstadhaugen er under rehabilitering. Begge desse og mange andre engasjement inst i Hjørundfjorden er ein naturleg del av heilskapen i fjorden og deira liv og virke vert såleis ramma av ei eventuell linje.

Ulike kategoriar tilreisande har ulik bruk av landskapet, alt frå å beundre dei majestetiske tindane sett frå fjorden og dalane – til aktiv å nytte dei sommar og vinter. Dei siste 5-7 åra har det vore stor auke i heilårs tindebruk rundt Hjørundfjorden. Ein del av dette kjem til syne gjennom m.a. i overnattingsstatistikken på Standalhytta som no er 4500 stk. pr år (ikkje 3000 som i utgreiinga).

Ålesundregionen  har historisk hatt Hjørundfjorden som byfjorden sin og dei er no i ferd med å revitalisere dette gamle omgrepet gjennom tydeleg meir bruk og interesse for fjorden. Hjørundfjorden sine kvalitetar har difor stor verdi for reiselivet både i Ålesundregionen og for Fjord Noreg i det heile.

Om friluftslivet seier Ørsta reiselivslag m.a.:

Det er mange som har gitt uttrykk for kor særeigen og fantastisk sunnmørsnaturen er. Inntrykk og uttrykk har eit mangfald som gir god grunn for stolt patriotisme, og som gjer ar her vil vi framleid bu og ferdast.
Mest stolt er vi av Sunnmørsalpane, dette mektige tindelandskapet som ligg som eit diadem rundt den regionen som kommunene Ørsta og Volda utgjer. I dette diademet er det fleire juvelar og sirlege border som blenkjer frå ulike synsstader.


Sjå meir om dette under tema ”reiseliv, friluftsliv, ferdsel og fritidsbustader”.

Kva er landskapsmessig negativt med denne linja?

Hjørundfjorden har frå før ei kryssing av 132 kV-linje frå Molaupen til Stavset/Ytre Standal. Ei kryssing til yst i fjorden vil saman med føring langs Hjørundfjordstranda, opplevast som ein fysisk portal som er ein barriere/stengsel for interesse og reiselivsutvikling av Hjørundfjorden.

Dette vert monaleg forsterka ved at begge sider av fjorden får linjeføringar som både kjenslemessig og visuelt forsterkar ”stengselet”. Trasén på vegsida av fjorden vil ikkje framstå som positivt sjølv om inngrepet her er betre enn på austsida. Linja er så nær vegen at ein lett får kjensle av å køyre under linja i eit så bratt terreng. Med heilårsveg over Standaleidet er vegen langs Hjørundfjordstranda alt no ein ”opplevingsveg” for bilturistar på gjennomfart. Også for sjøfarande vil linja og traseane vere godt synleg.

Under den planlagde linja er det fleire portalar inn til dei mest kjente tindeområda som Ramoen/Jønshornet, Randers topp, Mohns topp, Slingsbys topp og fleire lenger sør som Svinetind, Romedalstind, Kolåstind m.fl. Dei relativt nye, men attraktive skioppgangane i Inste Årsnesdalen og Yste Ystenesdalen, vert visuelt sterkt fôrringa med omsøkt linjekryssingar.  Ytre Standal er den mest brukte portalen inn til desse områda. Vi viser her til eige høyringssvar frå grendelaga på Ytre Standal og Stavset.

I dette landskapsrommet vil den planlagt linja sin rytme bryte med landskapet. Skòrene, rennene og ryggane er dei sterkt synlege landskapslinjer som går frå fjord opp mot skar og tind. Desse bryt med linjeføring og ryddegater og vert difor oppfatta som svært forstyrrande. På vegen mot Standaleidet kryssar planlagt linje 132 kV heile tre gonger og dette må med rette kallast urytmisk føring, dvs. liten eller ingen harmoni verken mellom linjene eller med landskapet på denne strekninga. Harmoni mellom linje og landskap må prefererast for å minske visuelle skadeverknader. Denne føremonen er langs Hjørundfjorden til Standaleidet ikkje oppnådd med vist alternativ.

Standaleidet er eit av dei store utfartsområda. Tilreisande frå inn- og utland vitjar meir og meir dette området fordi Kolåstinden etter Slingsby si ”begeistring” er blitt eit nasjonalt trofé fjellturistar vil ha i porteføljen sin. Frå februar/mars og utover sommaren er det svært mange, også tilreisande frå Austlandet, som "samlar" Kolåstinden enten på ski eller som fottur i juni/august. På dei mest travle dagar kan der vere opp mot 200 vitjande.
Romet mellom Sølvkallen, Nøvedalstindane, Segla, Seilen, Sandhornet  mot sør og Kolåstinden og Sætretindane mot nord er opplevingsmessig eit samla område med mykje aktivitet. Planlagt og i verksett hytteutbygging vil auke bruken dei næraste åra. Ei ny linje over eidet vil difor bli oppfatta som oppdelande og forstyrrande - og monaleg minske verdien av dette heilskapelege landskapsrommet. Vi iser elles til andre og meir konkrete fråsegner, m.a. påverknad på hyttebygging,for dette området.

Hjørundfjorden med tilliggande tindar og dalar er etter vår meining eit landskapsrom med svært stor nasjonal og internasjonal verdi der tap av økonomiske verdiar gjennom tapt reiseliv, friluftsliv, fritidsbustader er mykje stort. Dei andre samfunnsmessige verdiane må ikkje tapast av syne og vi ber NVE om ikkje å kvantifisere/måle desse i kroner då ein med dette risikerer å øydelegge desse kvalitative verdiane. Å ta vekk/redusere attverande og heilskapelege tindelandskap i Noreg, er etter meininga vår ikkje målbart med kroner.

Reiseliv, friluftsliv, fritidsbustader

Reiselivsnæringa utviklar no fleire nye tilbod innanfor båttrafikksegmentet på Hjørundfjorden. I fjor opna Cruiseservice AS i Langevåg daglege rutesamband frå Ålesund til Trandal, Sæbø og Øye i perioden 20. juni til 20. august. Selskapet er i samarbeid med Hotell Union, Hotell Sagafjord, Rekkedal Gjestehus og Christian Gard i ferd med å utvikle eit reiselivstilbod av stor verdi der serveringsstadane både er destinasjon og mellomstasjon for opplevingar der Hjørundfjorden både er vegen og ein attraksjon i seg sjølv. Eit relativt urøyrd tindelandskap er verdfulle kulissar også for desse turistane.

Ferge 62 grader nord 20070618_1113
Den nye ferga til 62 grader nord, som går dagleg frå Magerholm til Lekneset.

Først i juni opna 62 o Nord, som er eit lokalt selskap med eigne båtar-ferjer-bussar, ny turistferje med tre daglege turar på Hjørundfjorden.
Nye og spennande tilbod på dei internasjonale marknadene, er Magic Fjord Sightseeing og Fjord Experience, som begge startar opp denne sommaren med ruter som inkluderar Hjørundfjorden. Desse to tilboda er alt blitt lagt merke til og motteke positivt blant turoperatørar i Europa.

I tillegg trafikkerar den lokale båten MS Hjørundfjord dagleg på Hjørundfjorden og fraktar fastbuande og turistar til og frå gjennom heile året.

Standal Alpesenter har under utvikling eit hytteprosjekt på 90 hytter i samband med båthamn ved fjordlinja på Standal. Eit nytt hyttefelt på 52 hytter plassert i området nedanfor Standalhytta, er no godkjent og regulert. I tillegg kjem ca. 80 hytter som er planlagt i Øy utmark i vestre del av dette felles landskapsrommet.

Vi viser elles til fyldig fråsegn frå Øy gardslag og Ørsta reiselivslag.

Biologisk mangfald

Vi viser her til samla gjennomgang for vestre trasé og nemner berre som innleiande innspel, spesielle miljøkonsekvensar for Hjørundfjorden. Frå Ytre Standal til Standaleidet er det fleire område med orrfugl. Denne arten er fåtaleg i området og særleg ved Stavset der det kan bli tre parallelle linjer, vil dette kunne verke negativt på bestanden der.

Viser elles til fråsegn frå Viltnemnda og frå Jostein Fagerhol/ Oddvar Olsen (medlemmar i Norsk ornitologisk foreining og Sunnmøre ringmerkingsgruppe). Dei vil spesielt ta for seg raudlisteartar og påvise at fleire av desse er i området.

Kulturminne og kulturmiljø

Hjørundfjorden har mange kulturminne og kulturmiljø utan at desse fysisk vert øydelagt av planlagt linje eller master. Ein eventuell byggeperiode med bevisst åtferd treng heller ikkje å skade desse. Terrenget er så vanskeleg at helikopter sannsynlegvis vert brukt til uttransport av materiell.

Imidlertid er verknaden på sikt meir kontroversiell – spesielt for kulturmiljøet/kulturlandskapet. Det er i dag ein rekke marginale gardar her. Nokre er alt brukt som fritidsbustader med brukbart vedlikehalde kulturlandskap. Både på Ytre Standal og på Stavset er det i dag godt drivne gardar der kulturlandskapet er i hevd og svært verdfullt. Planlagt linje vil gjere det mindre attraktivt å nytte fråflytta gardar så aktivt som i dag, særleg av nye generasjonar. Dei drivne gardane vil få større vanskar med generasjonsskiftet då linjeføringa her, Ytre Standal og Stavset, er så nær og vert opplevd så negativt at gardsdrifta gjerne tek slutt når drivande generasjon avsluttar sitt virke. Dette vil vere eit stort tap då det typiske geitehaldslandskapet vert borte. Desse typiske kulturlandskapa er det lite av nasjonalt og difor er dette ikkje eit tap berre for Hjørundfjorden og regionen.

Geiter på Stavset IMG_2229
Beitande geiter på Stavset.

 

Frå Ytre Standal og Stavset grendelag vert det sagt om konsekvensar med ei eventuell linje:

Dei aktive gardsbruka som er att, vil bli nedlagde når noverande generasjon går ut. I dag har vi eit kulturlandskap som er halde i hevd omkring desse geitebruka. Etter få år vil alt gro att, og dette vil då ikkje vere i samsvar med styresmaktene sine intensjonar om å halde kulturlandskapet i hevd. Vi som bur her har draumar og planar for framtidig satsing på turisme. Det ligg føre konkrete planar for satsing på turisme, som vil bli umuleg å gjennomføre med ei slik kraftline langs fjorden.


Det er sjølvsagt at dette verkar inn på reiselivet sine mulegheiter då dei reisande ønskjer å oppleve typiske og ekte uttrykk både frå kultur og natur.

Busetnad, landbruk, skogbruk

Hjørundfjorden er eit fråflyttingstrua område der utvikling av trivsel og sysselsetting er vidd stor merksemd. Dei mest synlege fundamenta eller mulegheitene for satsing på sysselsetjing er reiseliv og landbruk – ikkje minst desse i kombinasjon. Planlagt linje verkar direkte inn på bulysten i Hjørundfjorden og særleg på Ytre Standal, Stavset og Store Standal. Sterkast vil dei to førstnemnde kjenne det då linja her er planlagt svært nær busetnaden. På Ytre Standal berre 75 m frå næraste bustad og på Stavset vert dette tredje høgspenningslina som kjem like opp for husa på garden. Store Standal får ein unik situasjon med to kryssingar med 132 kV linja ved bygda. Desse føringane vert visuelt opplevd mykje forstyrrande og negative på arbeidsgleda og engasjementet.

Lisje Standal sjø 20070618_1107
Lisje Standal vil verte ein av dei hardast ramma bygdene.

På Standal er det no ein gard i full drift. Dei øvrige har ikkje husdyr, men der vert drive slått på dyrka areal. Med negativ utvikling grunna linja, vil tradisjonell drift og slått på desse gardar lett falle vekk og då med konsekvensar både for landbruk og kulturlandskap.

I Hjørundfjorden vil ikkje alternativ 1.2 røyve særlege areal med kulturskog. Vi minner likevel om at uttak av skog langs denne traséen generelt må vinsjast ut og det tilseier at alt skoguttak ovanfor lina vert hindra.

Anna

Vestre alternativ (H1) kan synast preferert av Statnett grunna muleg framtidig transformering nær Haugen. Etter det som er opplyst frå Statnett, vil eit slikt transformeringspunkt koste i storleik 150 til 200 mill. kr. Det må då vere billegare og betre å forsterke noverande Haugenpunkt med ny 132 kV frå Leivdal. Ei slik linje kan nytte ein av eksisterande trasear, enten noverande 132 kV eller 66 kV då begge linjene er gamle, og legge grunnlag for sannering av den andre med store lokale miljøvinstar. Ut frå normkostnader for 132 kV linje, vil dette koste ca. 75 mill. kr. og kunne vere ein fullverdig styrking av Haugen som framtidig punkt for levering mot Ålesund-regionen vurdert saman nylinja Håheim-Sula og evt. forsterkning av eksisterande sjøkablar Haugen-Håhjem.

Alternativ trase 2.6 gjennom Emdalsdalen

Etter det vi kan sjå ba NVE Statnett utgreie ein alternativ trase 2.6 gjennom Emdalsdalen-Synnylvsmoldskreddalen for å unngå nærføring med Verdensarvområdet. Statnett si utgreiing av alternativet viser både negative og mindre negative konsekvensar, men traseen er ikkje omsøkt. Dersom det er svært viktig å unngå nærføring til Verdsarvområdet, burde dette alternativet vore sterkare vurdert/preferert sjølv om denne dalen og er verdfull og til dels skredutsatt. Etter det vi kan sjå er dalen ikkje avkrefta som farbar for ei eventuell kraftlinje. Vi minner om at også Hjørundfjordstranda er svært utsett for snøskred.

Avbøtande tiltak

Vi sluttar oss primært til forslag frå fagutgreiarane (sjå 6.5, side 91 i konsekvensutgreiinga):

Det er noen få, åpenbare avbøtende tiltak knyttet til prosjektet. Disse er i første rekke
sanering av eksisterende ledninger, bruk av radiomerkede fjord/innsjøkryssinger og
fargesetting av master og liner slik at de er så lite synlige som mulig.
Fagutreder bemerker i tillegg de betydelige verdiene og påregnelige negative
konsekvensene i det nordre delområdet. Om det finnes løsninger her som fortsatt kan væreøkonomisk og teknisk aktuelle, for eksempel i form av sjøkabel-løsninger, så ville dette redusere de negative konsekvensene for det nordre alternativet. Dersom en kommer til at etav de valgte alternativene må benyttes i nordre delområde, vil vi peke på muligheten for at utbygger som kompensasjon går inn og i samarbeid med lokale aktører identifiserer tiltak som kan redusere eksisterende skjemmende naturinngrep, for eksempel i Geirangerfjorden og Hjørundfjorden, evt. fremmer og utvikler andre attraksjoner i området.


Dersom vestre trasé likevel skulle bli vald for ei luftlinje, vil vi insistere på maksimale avbøtande tiltak som farga ledning og master for heile alternativet. Mastepunkta må omhyggeleg veljast for minst ulempe for nærføring, landbruk og skogbruk. Langs Hjørundfjordstranda må punkta i tillegg til rasfaren, bli vurdert ut frå minst muleg visuelle konfliktar for landskapet. I tillegg må etter vår meining, eksisterande 132 kv linje leggast i kabel frå Haugen og forbi Hjørundfjorden.


Hjørundfjorden bygdemobilisering
- for styringsgruppa


Ivar Svein Mo