Båtsvineri 006

Å skrive om ein skyssbåt som har problem med å leggje til kai, er eit nyhende.

På portalen har vi ein seksjon for nyhende, og ein for artiklar. I nyhendeseksjonen skal vi og må vi opptre som klassiske journalistar. Det vil seie at der har alle vi som legg inn saker observatøren si rolle. Vi skal ikkje vere aktørar. Dette er seksjonen for harde fakta, anten det er eit fotballreferat, ein føreåtomtale eller at det vert fortalt om ei hending, Vi skal skildre noko som har hendt eller skal hende, gjerne med eit intervju eller fleire. Vi skal vere sikre på kjeldene. Kjeldene kan gjerne vere oss sjølve, og det vi har sett. Då må det forteljast i saka. I nyhende-sakene skal vi vere svært varsame med å skrive kva vi sjølve meiner og/eller kommentere. Faktisk bør vi late det vere.

 

I nyhende-seksjonen er det greitt å arbeide ut i frå spørsmålsorda ”Kva, kven, kvar, når, korleis og kvifor”. Det er nemleg dei spørjeorda lesarane vil stille når dei les eit nyhende.

  

I artikkelseksjonen kan vi vere litt friare. Dette er plassen for kjensler og  meiningar – i tillegg til dei gode forteljingane og bildereportasjane. Framleis må vi vere sikre på kjeldene våre, og at det vi skriv kan etterprøvast.

DSCN2446 

Å skrive om naturopplevingar som påverkar deg, om båtturar, fjellturar osb., er typisk artikkelstoff.

  

Ei stadig tilbakevendande problemstilling er føreåtomtalar, om det no er ein konsert, dans eller ein dugnad. Dette er i utgangspunktet nyhende. Når portalen med tid og stunder opnar for annonsering, må ein verte strengare med slik type stoff, for dette er også reklame. Skal eit medium verte oppfatta som seriøst, må det vere eit strengt skilje mellom kva som er betalt stoff, og kva som er fritt.

  

Dette treng vi ikkje bry oss om endå. Likevel, når ein legg inn føreåtomtalar – gjer det skikkeleg med å stille deg sjølv spørjeorda som er nemnt ovanfor i artikkelen.

Til slutt litt om språk. Hovudspråket på portalen er nynorsk, men vi godtek sjølvsagt bokmål for dei som meiner dei meistrar det best. Slik må det vere på ei brukarstyrt side. Ikkje bry deg om rettskriving altfor mykje. Her skal det ikkje vere noko språkpoliti. Skriv så godt du kan. Det er innhaldet som tel. Men ein type språk likar vi ikkje, og det er dialekt/SMS-språk. Dette har samanheng med at vi ynskjer at sakene på portalen skal nå ut til så mange som mogleg. Kommunikasjon fungerer best når det er på ei normert målform, nynorsk eller bokmål. 

Ver velkomen som brukar av portalen. Viss du ikkje er registrert allereie, gjer det, og hiv deg på som brukar du også. Dess fleire som skriv, dess betre er det.  

 

Helsing  

Rune Sæbønes

ein av dei som syslar litt med portalen