I gamle Stokke skulekrins låg jonsokfeiringa nede nokre år, men for om lag fem år sidan syntest Ole Stokke det var på tide å blåse liv i ein gamal tradisjon.

Jonsok på Villane

Tidlegare var det vanleg at jonsokfeiringa gjekk på omgang. Eit år i Gjerde, eit anna på Stokke, det neste på Villane. Ungane rydda løene, rydda litt i beita og laga til flotte jonsokbål.

Jonsok på Villane

Det kjekke med jonsokfeiringa er at alle generasjonar tek del. Yngstemann er berre 5 veker, dei eldste er 83 år. I vår travle kvardag er det ikkje så ofte vi treffer grannane, i alle fall ikkje så mange på ein gong. Jonsok på Villane

Børs i småregnet.

Lurvegjengen

På Stokke/Villane er mange born. Her er nokre av dei.

Jonsokleik

Små og store leika i lag

Prinsesse og røvar

Prinsesser og sjørøvarar liker å spidde pølser på stubbebål.

Jonsokbål

Jonsokbål i eit beite.

Jonsokbrur

Hos Harald og Alfhild Wille har dei ei gammal brurekrone med bringeduk og forkle. Krona er av blikk og er dekorert med perler og silkeblomar. Bringeduken har dekor av perler, gullband og blonder. Forkleet og kronesløret er hekla. Krona var det Teige-Martinus som laga (Harald sin farfar), truleg på 1880-talet ein gong. Bringeduken veit dei ikkje opphavet til, men det er vel rimeleg å tru at det var Harald si farmor som var meister for den. Forkleet trur dei det er Pernille Ville som har laga (tanta til "post"-Ivar Ville). For to - tre år sidan vart settet restaurert av Harald si syster Anne Marie og Ivar sine systrer Jorunn og Magnhild. 

Brurestasen har ikkje vore i bruk sidan Elisabeth og Hilde Wille var småjenter, men neste år vert det jonsokbrur og lurvetog.