Hjørundfjordportalen » Lokalt » Hjørundfjord

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Hjørundfjord

Verdas vakraste fjord.

 

Eg er glad for turistar av alle nasjonalitetar som vitjar oss i Hjørundfjorden. Langsamt kjem gledeleg nok folk frå land i aust-Europa.I kveld måtte eg med "tungt hjarte" syne bort 3 personar frå Tsjekkia som i så måte ikkje forstod fiskereglane i nærleiken av elva. Alfred S., min ven frå Eisingen i Tyskland,har i alle dei snart 30 år i Noreg lært seg reglar for fiske i elv og fjord.Stort sett ikkje frå hytteutleigarar, der ansvaret ligg, men på eiga hand og ved hjelp.Han veit at fisket i elva åpnar 15.juni. Dorgefisket etter laks på sjøen likeeins. Sperregrensa mellom Sæbønes og Hustadnes veit han og om.Likeeins at ein ikkje får dorge etter laks innanfor denne grensa. Ei latterleg avgjersle. Turistar som dorgar etter laks er no tvunge midt borti fjorden og ut i nordavinden i dei små plastbåtane. Laks som vert teke på dorg er minimalt, så dette burde ha vore unngått. Makrellgarn skal stå 3 meter under vassflata på fjøre sjø.Avdi ein vil unngå at laks som går høgt i sjøen vert fanga. Auregarn er forbode. Fisketuristar kan forøvrig ikkje fiske med garn eller line. Det er forbeholdt nordmenn. Noko som er rett, og som turistar skjønar. 15 kg reinskore filet er pr. person  det maksimale turistar kan  ta med seg. Ei alt for lav kvote etter mitt skjøn. Det syner seg at antal fisketuristar er gått drastisk ned, særleg i Nord-Noreg, etter innføringa av kvote. Ei kvote på 25 kilo burde vere meir passande. Utanlandske sportsfiskarar orienterer seg no meir i retning andre land utan kvotesystem. Særleg Skottland. Ei ulempe med denne kvota er at fiskarar tek berre dei finaste fiskane og dumper små og mindre ettertrakta fisk. Kysttorsken er totalfreda. Det skjønar eg. Nett avdi stamma er så nedfiska var årsaka til kvotesystemet som vart innført. Sei og lyr finnast det meir enn nok av, og burde vere friteke som ein del av kvota.Nærmar turistane seg  oppdrettsanlegg, må dei halde seg 100 meter unna i alle retningar når dei fiskar. Elles vankar bøter på mellom 5 og 10 000 kroner, og inndraging av fangst. Seismikkaktiviteten krev at fiskarar/småbåtar held seg langt unna . Kvar skal ein stakkar fisketurist snart gjere av seg? Tek han med ei slukstong, kan han ikkje fiske fritt frå land, men passe på å halde seg minst 100 meter frå "elvemunning med lakseførande vassdrag."Likeeins må han halde seg langt unna laksenøter og oppdrettsanlegg.   Men samstundes med at enkeltpersonar/turistar vert lagt hindringar i vegen for, veks fisketuristnæringa i fjorden. Inntil så lenge.......Hjørundfjorden er allereie i "startfasa" i fisketuristsamanheng iferd med å verte utnytta, forbrukt og øydelagd av oppdrettsnæringa som siklar etter fjorden og har meir enn halvvegs vunne slaget. Det er utopi å tru at kommuna makter å halde næringa frå livet. Kystsoneplan aldri så mykje. Allereie no er mykje villfisk i fjorden dvask og full av pellets. (laksefor)  Med berre 2 oppdrettsanlegg ytst i fjorden. Korleis skal det verte når oppdrettsnæringa sine gigantanlegg i Hjørundfjorden vert realisert? Midt i Hjørundfjorden kunne ein få klargjort/diskutert ymse delar av dette under Hjørundfjorddagane.  Men ordstyrar Terje Kjøde. Som panelet  holdt heller ikkje du mål........Oppdrettsanlegg, småkraftverk og etterkvart kraftline. Desse heilt sentrale tema for Hjørundfjorden var ein knapt innom. På Hjørundfjorden sine "eigne dagar."

 

Lagt inn av
05.06.2007 23:40

Kommentarar

Einig i at fjorden må bevarast (27.07.17 kl. 20:21)
Vi får håpe at laksemerder i framtida blir slik at foret og avrøringa blir samla opp. Fjorden skal vere rein og den skal vere for framtida og for alle som bur ved fjorden og alt som lever i han.
Eg synes elles at turistar som kan fiske 15 kilo filetar skal vere sjeleglad for det! Kvifor skal turistane kome hit og drive matauk? Kan du forestille deg at vi skulle dra til Alaska for å fylle fryseboksen med fisk? Sei og makrell er kanskje greit, men eg trur ikkje dei kjem hit for å fiske småsei. Dei vil ha stor torsk, stor lyr, flyndre, kviting, kveite osv. Dette er begrensa ressursar i Fjordane! Fiskar du opp ei stor kveite, er ho mor til kanskje mykje av småkveitene i området. Høyrer om fisketuristar som fiskar kveite med kamera. No er det bra at tyskarane ikkje får lov å setje garn og må fiske med stong og handsnøre. Sjå for deg at du droppar å dra på ferie til Nord-Norge fordi du ikkje får lov å fylle opp meir enn 15 kilo reine filetar. Dette er mykje fisk. Eg synes vi og turistane og laksenæringa skal ha magemål.
Mads Leonard Holvik

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.okt.
(Hjørundfjord kyrkje)
23.okt.
(Gymsalen sæbø)
24.okt.
(Grendahuset)
25.okt.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
28.okt.
(Kapteinkvia)
30.okt.
(Gymsalen sæbø)
1.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1047 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 35 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

537 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2635701 besøk og 22352244 visningar totalt