Eit flagg er oppe, som det einaste synlege tegn på markering. Rune sit med pc en ute og har direktesending på portalen frå kampen Bergsøy 2 - Sæbø.

Det går visst ikkje så bra, men  meldingar om Jan Kjetil åleine med keeper, og skot utafor frå Marius Strandmann hjelper så lite. Det vart visst årets første tap. Eg ser likevel inga tåre på kinna til far og sønn.

DSC00019

Mobillinje frå  Rolfen og Sverre Børge via pc-en til Rune, og utpå portalen.

Anton har ikkje gjeve opp verandakassene sine i år heller. Som tidligare er det begonia som dominerar. Fint er det å sjå på, og godt gjort er det å greie jobben ved hjelp av rullator!

Gamal gartnar

 88år gammal gartnar. Gratulerer med dagen!