Kampen mot Vartdal var ein merkeleg kamp. Vartdal leia 1-0 til det 29. min før Sæbø/Åmdal "vakna". Då sette Malene ballen kontant i mål og vekte resten av jentene.

IMG_6065

Trenar Emil forstod ikkje kva som feilte jentene dei første 29 minutta. Her med instruksar om korleis resten av kampen skal spelast.

Andre Omgong var rein einvegskøyring, ballen hagla rundt Vartdal sin målvakt. Jentene viste at dei kunne spele fotball, det var mange fine pasningar og samspel og det gav resultat. Heile 13-1 vart sluttresultatet og siger til Sæbø/Åmdal! Målskorarar: Malene 6, Rebekka St. 3, Rebekka Sk. 1, Ida 1, Jenny 1, Else Marie 1.

malene

Malene scora 6 mål og gav mange fine pasningar!

e m

Else Marie i farta!

samspel

Rebekka og Ida i fint samspel Dommar Daffa treng ikkje bruke fløyta her!

liv g

Nesten mål. Keeper Liv Grete fekk spele ute siste del av andreomgong og er i angrep.

samsp

Ida, Elisabeth, Rebekka Sk, Tiril og Malene.

Tilskodarar

Tilskodarar!

fotball j16

J 16 Sæbø/Åmdal: bak fv. Rebekka Sk, Rebekka St, Tiril, Else Marie, Kathrine, Jenny, Malene. Framme f.v. Elisabeth, Liv Grete og Ida. Torill var ikkje med på denne kampen.

Siste seriekampen er borte mot Åram/Kvamsøy torsdag.

Jentene skal også delta på Norway cup i Oslo 29 luli og utover veka med finalar laurdag 4 august!