DSC00283Eg, mor mi og Vibeke fekk vite at Ari Behn skulle kome til Lillehammer akkurat den helga eg var der. Han skulle signere det nye Påfugl - Serviset sitt på Glassmagasinet i Lillehammer. Vi reiste ca halv elleve frå Gausdal, det er cirka ein halvtime til byen. So shoppa vi litt før vi gjekk for å sjå påfugleserviset og Ari. Han hadde på seg dongeribukse og cowboystøvlar. Han var veldig hyggjeleg og lo mykje. Eg spurde pent om eg kunne få ta eit bilete av han, og sjølvsagt fekk eg lov til det. Seinare på dagen skulle han vere på Strandtorget, så vi gjekk dit ôg. Han kjende meg overraskande att frå tidlegare på dag og slo av ein liten prat. Så fekk eg ta eit bilete til. Dette har sjølvsagt vore ein kjempedag! 

DSC00282Eg og Ari oppi gata på Glassmagasinet

 

 

DSC00284Ari smilte og lo når eg tok bilete.