Eg får nytte biletet av min bror Rolf som innfallsvinkel for å fange interessa. Det er vel mange nok som no som er lei "tytet" mitt om denne villaksen....Men det får våge seg. Her er Rolf med ein laks på 9 kg i 1991. Han fekk laksen på sluken "møresilda" på Riise.  Hugsar du Knut Riise for ein spesialist du var med same sluken?  Eller "M.S" som vi kalte han. Du sverga til fargen gull. Eg holdt ein knapp på kobber. Rolf lånte stanga mi, så eg antek at dette var kobber. Vekta var 32 gram. Sluken si altså! Eg lovde her på portalen å halde sannferdig orientering om fisket i Bondalselva frametter sesongen. Det vil eg halde. Det er med tungt hjarte eg må vedgå at dårlegare fiske pr. 21.6 har eg aldri opplevd sidan eg for snart 50 år sidan byrja "leve tett på laksen" i elva med  stort sett daglege noteringar. Pr. i dag er det i "loggboka" ved Hustad bru notert ned 6 laksar og ein aure på vel 2 kg! Ingen pjakk!  Det er nesten så det er uvirkeleg. I smålakselva Bondalselva er det no i jonsokveka ikkje notert ein einaste pjakk. (laks under 3 kg) Det som tradisjonelt skulle vere veka for hovudinnsig av laks. Noko særleg betring kan vi heller ikkje vente. Sjøfisket er dårleg.    Så kan enkelte hevde at eg var optimist før sesongen. Det var eg. Men eg følgde kanskje litt for mykje hjartet og ikkje hjerna. Alt er relativt, men 3-4 laksar kvar dag såg eg, Magnar og Jostein i eit par veker. 10-15 av desse er vorte oppfiska eller vore på krok. Resten er kome langt fram og i ulendt terreng. Fortalt meg av "augevitne." Men hugs. Det dreiar seg om eit fåtal laks!  Så skjedde noko som ikkje hende då laksestamma var nokolunde intakt.  Det "slitna" av.  Dvs. når smålaksen si tid langsamt kom, utevart han. Som både i fjor, tildels i forfjor og året før.  Med det er ein "smålakssyklus" (4 år ) gått. Då kan ein slå fast at pjakken i Bondalselva er vekk. Likeeins auren. ("Slengarar" vil kome. Dei burde vernast som gull!) Ei nokolunde stamme med mellomstor laks var inntil i fjor oppegåande. Konklusjonen for 2007 skal vi ennå ikkje trekke, men det ser dystert ut.  Det elendige laksefisket fram til no gjeld ikkje berre Bondalselva, men alle elvane som soknar til Storfjordsystemet. (Storfjorden, Hjørundfjorden, Nordalsfjorden. I tillegg  også Ørstafjorden, Vartdalsfjorden og Austefjorden. ) Sjå kart om det går i surr! Difor er ikkje problemet lokalt, men regionalt. Dei 28 lakseførande vassdraga i fjordane nemd ovanfor har det til felles at i hovudsak skal laksungane (smolten) ut Breisundet. Før dei kjem så langt, må dei gjennom ein allereie "armada" med laksoppdrett. Dei aller fleste er sjanselause!  Min ærbødige påstand er difor. Uansett kor Ørsta kommune vel å setje sperregrensa mot oppdrett i Hjørundfjorden, spelar det for VILLAKSEN lita rolle. (For annan villfisk og miljø generelt noko anna.) For oppdrettslaks og lakselus finnast det ikkje grenser i Storfjordsystemet. Dei vert kryssa innad. Her ligg det allereie så mange laks og aureoppdrett (2 også i Hjørundfjorden) at det langsamt i takt med ekspansjonen har ført til ei desimering av villaksstammen i heile fjordsystemet.  Når ein i tilleg veit at mange anlegg står "på vent," skjønar ein kanskje at villaksen ikkje har noko framtid her.   Eg  har difor  kjempa hardt og argumentert for at Storfjordsystemet  skulle verte nasjonale laksefjordar. Så kunne ein ha sjanse til å bygge oppatt lakssestamma i alle elvane som soknar til desse fjordane. (Flest lakseførande laksevassdrag i noko fjordsystem i heile Noreg!) I desse nasjonalfjordane ville nye oppdrettslokalitetar vere forbode. Dei eksisterande skulle langsamt flyttast ut og vekk.  Faginstansen Direktoratet for Nat.forvaltning delte mitt syn. Deira innstilling basert på eit breiddt spekter av høyringsutaler vart (etter massivt press frå oppdrettsnæringa) stemd ned av "miljøpartia" SV og SP, med AP som haleheng. Med (ifølgje Bellona) den svakaste miljøvernminister nokonsinne, H. Bjørnøy, "diltande att i veia." 

Eg takkar alle som orka følgje med heile vegen i denne artikkelen!

P.S    Som no kanskje ein del veit.  Ørsta kommune var av alle høyringsinstansar  saman med oppdrettsnæringa åleine om å gå imot Hjørundfjorden som nasjonal laksefjord og Bondalselva som nasjonalt laksevassdrag. Stranda kommune for si elv/fjord likeeins. Difor vart 2 elvar, Bondalselva og Strandaelva med fjordar utelate frå ordninga. Som dei 2 einaste!

Som eit avsluttande apropos. På denne dag i 1973 fekk eg 28 pjakkar og ein laks i Bondalselva. På morgonen og føremiddagen.... "Ingen gjekk frå elva utan å få fisk," har eg notert.

.