Skyssbåtkaia 008

Den nye skyssbåtkaia på Sæbø er klar til å ta i mot Nordic Sky. Andre stoppestader er Hundeidvik, Trandal og Øye. Båten stoggar også på Urke på signal.

 

- Vi håper folk tek i mot tilbodet med Fjordabåten. Dette er eit prøveprosjekt over tre år. Vi er inne i det andre året, og bør auke trafikken med tjue prosent. Vi vil framleis ikkje tene pengar, men det skal vi gjere etter tredje året, seier Per Olav Moldvær i CruiseService til Møre-Nytt torsdag.

 Kveldsruta er den store nyhenda. Då går båten frå Ålesund kl. 18.00 til Sæbø. Til Øye vil båten då gå på signal. Båten går frå Sæbø igjen kl. 22.20, og er i Ålesund kl. 24.00. I tillegg er det to avgangar på dagtid. Den første er frå Ålesund kl. 09.00.  

Moldvær trur kveldsruta vil verte godt  motteken. For folk frå Ålesund og for turistar som er i Ålesund, vil det gje mulegheit til å vere i Hjørundfjorden lenger, og spesielt vil det vere eit tilbod for dei som vil oppleve til dømes Christian Gaard på kveldstid.

For dei som bur i Hjørundfjorden, og for dei som elles reiser frå Hjørundfjorden til Ålesund, vil kveldsruta seie at ein kan vere lenger i byen enn dei to timane som det er lagt opp til med å følgje ruta på dagtid.  

 

Fjordabåten korresponderer også i år med ein tur til Geiranger. Då vert det buss frå Øye til Hellesylt, og ferje derifrå. Også returen korresponderer. Vidare korresponderer båten med bussen til og frå Ørsta/Volda frå Sæbø, og Moldvær håper fleire frå Ørsta og Volda vil ta i mot tilbodet om Fjordabåten.  

Meir om saka i Møre-Nytt torsdag.

 

Rutetabell som PDF:
PDF ikon Nordic Sky - Rutetabell sommar 2007

 

Du kan også sjå rutetabellen som bilete:
(Hugs at du må trykkje på biletet to gongar for å vise normal størrelse)

 

 

Uten navn

 

Kveldsrute