Eg hadde gledt meg til dette, for eg har eit utklipp frå avisa som visar alle turistskipanløp, så eg viste at ”Queen Mary 2” var her 21. Juni. Vi hadde avtalt dette godt. Eg hadde pakka med meg fotoapparat og kikkertar. Vi skulle ta 17:00 ferja. Roy hadde med seg tvillingane Camilla og Henriette. Så vi køyrde ned til Sæbø og vi stilte oss i ferjekøa, og tok den trufaste sliteren ”B/F Nørvøy”, som turens fyrste skipskontakt.

Norvoy
Vi tok B/F Nørvøy til Lekneset.

Etter ferja til Lekneset, gjekk turen inn gjennom Norangsdalen og svinga ned til Hellesylt. Vi køyrde opp til Ljøen. Og her fann vi ein god plass å stå. Då såg vi at ilag med ferja ”B/F Veøy” låg turistskipet ”Funchal”, og vi køyrde nedatt til sentrum, slik at vi fekk sjå det på nært hald Deretter for vi opp igjen til Ljøen, som ligg langt opp på fjellet og har god utsikt over fjorden. Vi var der rundt 18 tida, og eg speida då etter båten(e), men neidå, der var lite”Queen Mary 2” å sjå. Vi køyrde lengre opp igjennom vegane, medan vi speida etter båten, buldra det bort i fjellet, og då såg vi at det var eit ras. Etter på kom det masse røyk, og det varte veldig lenge.

Lygnstoylen
Her er vi inne ved Lygnstøylvatnet der ein ser dei gamle seltuftene ned i vatnet.

Her ser vi på båtane
Her ser vi på ferja og cruiseskipet ”Funchal”.

Veøy
Her er B/F Veøy som går i rute Hellesylt-Geiranger saman med Bolsøy

Raset
Her går raset mens vi står å ventar på ”Queen Mary 2”.

Rundt kl. 19:00 begynte vi å miste tålmodigheita. Og vi begynner å tøyse litt i stadan for, men litt etter roper Roy: ”Der e ho!”. Og eg ser igjennom kikkerten. Og der ser eg ”Queen Mary 2”. Eg begynte å ta bilder med ein gong. Ho gjorde eit kjempeinntrykk på oss, på meg ivertfall. Ho gjekk ikkje så fort, kanskje 12 knop. Roy sa for det at der var berre pensjonistar om bord som skulle berre slappe av. Og så fortalte han om alt som var der: Butikkar, basseng, kino, resturantar og masse meir.

Dronniga kjem
Her kjem den majestetiske ”Queen Mary 2” ut frå Geirangerfjorden.

Når  ”Queen Mary 2” hadde komt rett nedom oss, så kom eit lite cruiseskip til syne. Det var ”M/S Cristoffer Columbus”. Og så kom enda eit cruiseskip, dinna gongen var det eit stort eit ”MSC Opera”. Vi vart veldig imponert at der var 3 cruiseskip i fjorden samtidig. Der var også komt nokon andre turistar, norske også.

Queen Mary 2_2
”Queen Mary 2” er søsterskip til ”Queen Elizabeth 2”. Skipet er eigd av det britiske rederiet Cunard. ho er sjøsatt i 2003 og er 345 m lang, 42 meter breid og 10 m djuptgåande. Ho vart døypt av dronning Elizabeth i 2004. Ho var verdens største passasjerskip i 2 år inntil ”Freedom Of The Seas” kom.

C. Columbus
”M/S Cristoffer Columbus” er eigd av det tyske rederiet Hapag Loyd. Skipet er sjøsatt i 1996. Ho er 145 m. lang, 21 m. breid og 5 m. djuptgåande.

MSC Opera
”MSC Opera” er eigd av det italienske rederiet MSC Cruises. Skipet er sjøsatt 2004 er 251 m. lang, 28 m. breid og 6 m. djupgåande. I vintersesongen går skipet i Middelhavet

MS Funchal
Ditta her skipet har eg nevnt tidlegare, ”M/S Funchal" som er eigd av det portugisiske rederiet Arcalia Shipping & Co. Skipet er sjøsatt i 1961. Skipet er 152 m. langt, 19 m. breidt og 6 m. djuptgåande.

Eg hadde også sett på radar på internett at hurtigruta ”M/S Finnmarken” låg der inne også, men den såg eg ikkje noke av. Ellers hadde eg ein kjempeflott dag, og eg hadde fått ein draum i oppfyllelse, å sjå ”Queen Mary 2”. Også å få sjå masse andre cruiseskip. Når klokka var rundt 19:30 for vi tilbake til Lekneset og tok 20:35 ferja til Sæbø. Då vi kom heim, spelte vi skipssimulator og kosa med kattungar.

Eg takkar Roy-Magne at han ville være med meg å sjå skipa!

Reisefolge

Her er dei som ville være med meg. T.h. Camilla, Roy-Magne og Henriette. Og bilen hans ein: Volvo V70