Utfor vegen på Trandal 1

 Bilen hamna heilt i fjøresteinane

Føraren av bilen skulle etter planen reise på ferga mandag ettermiddag, men fekk startvanskar på grunn av flatt batteri. Det vart gjort forsøkt på å trille bilen i gong, men bilføraren klarte ikkje å flytte på den ved eiga hjelp. Då det raskt viste seg å være fånyttes gjekk føraren inn i huset og ringte etter ein person som hadde startkablar.

I farta gløymde føraren å drage til handbrekket att.

Då starthjelpa ankom staden observerte han at bilen som stod i fjøresteinane, men dette visste ikkje bilføraren som vart fortvila då han fortalde kva som hadde skjedd med bilen.

Bakenden på bilen var den som gjekk over kanten først, men på vegen ned har bilen snudd seg med fronten nedover. Dette har nok bremsa farta nok til at den stoppa i steinkaia som er oppmurt ved nausten istaden for rett i sjøen.

Viking Bergingsteneste var på staden tirsdag for å synfare, og det vert berging dagen etter.

Bilen vert truleg kondemnert etter uhellet.

Det er ikkje mistanke om promille. 

Oppdatering 6. juni 2007
Bilen vart berga oppatt på vegen i dag.

Utfor vegen på Trandal 2

 Viking slepar bilen oppatt.

Utfor vegen på Trandal 3

Siste hinder, muren.

Utfor vegen på Trandal 4
Endeleg på vegen att