Så var datoen og klokkeslettet der - fredag 15. juni klokka 06.  Då vart Bondalselva opna for årets laksefiske.  Det var nok den eldre garde av laksefiskarar som hadde stått tidleg opp denne morgonen, men der var eitt heiderleg unnatak - Yngve Frøland.

Etter det hjorundfjord.no kunne sjå, fekk ikkje Yngve fisk i løpet av den første timen, men det gjorde derimot onkelen hans, Arnljot Frøland.  Det er vel nærast ein tradisjon at det er nettopp han som får den første fisken når elva vert opna.

Arnljot

Presis klokka 06 var Arnljot på plass i Larshølen på Frøland.

Arnljot Frøland fekk ein fin laks på ca. 3,5 kg, men seinare på dagen fekk Eldar Skarbø seg ein laks på vel 8 kg.

IMG_5076 (Large)

Reidar Skarbø(t.h.) fekk seinare på dagen ein fin laks på vel 8 kg.

Laksfiskarane var i morgontimane spreidde frå utkøpet av elveosen til Grandane i sona til Kvistad. Og mange har sin faste plass i elva på opningstidspunktet..  Ståle Walseth er ein av dei.  Som tradisjonen tilseier, opna han sesongen i sona til Aklestad og som vanleg starta han fiskeriet med å fiske med sluken "Møresilda".  Ståle er ein sindig kar, men om han ikkje hadde skjelven då vi snakka med han så var det lett å sjå på han at nettopp hadde noko hendt.

Ståle ville ikkje vedgå at han hadde hatt fisk på kroken, men han hadde "snudd på" ein fin laks.  Dermed fiska han ei stund til.  Det var i alle høve godt for Ståle at han hadde fått løyve frå arbeidsstaden sin til å kome noko seinare på jobb denne viktige morgonen.

IMG_5081 (Large)

Ståle Walseth var så nær så nær...