skeid 002

Her er Trond Åge Osvoll saman med sportsleg leiar for Skeid, Andreas Lagesen. Trond Åge har akkurat signert kontrakten.

Sked er ein fotballklubb med histroisk sus, men det er nokre år sidan laget hausta medaljar. Den siste noregsmeisterskapen kom i 1975.

Trond Åge har skåra ei rekkje år på Sæbø dei siste åra, og den raske kantspelaren/spissen vil heilt sikkert gjere det godt også i Oslo-klubben.

- Eg er særs nøgd med det nye laget, sjølv om laget har hatt ein tung start, dette håper eg at eg kan vere med å rette opp, feier Trond Åge.

No er det ret nok ikkje førstelaget Trond Åge siktar inn mot. Det laget spelar i første divisjon. Det er Skeid 3 litt lenger nede i divisjonssystemet som ynskjer Trond Åge sine tenester.

- Sjølv om eg no går til Skeid, er det Sæbø som er klubben i mitt hjerte. Det er her har lyst til å avslutte karrieren, fortel Trond Åge til hjorundfjord.no.
Skeid har forresten hatt det same heiaropet sidan tidenes morgon: "sa-sa-sa, bra-bra-bra, Skeid - Seid - Skeid!"