Endeleg helg tenkte eg. Det var fredag 27 april og eg og gutane var på veg til Øye, der vi skulle fiske og gå på vedaskog. Dette med fiskinga var noko som eg hadde sett fram til ei stund. Onsdag sendte eg tekstmelding til bror min som lydde omtrent slik: "Har du prøvd storørreten i Stavbergsvatnet??". Svaret kom i form av ein telefonsamtale sporenstreks:" Det er alt for tidlig å fiske i Stavbergvatnet no, dei er ikkje på bet før i slutten av Mai". Jaja tenkte eg, eit forsøk kan vel ikkje skade. Eg tok med yngste sonen min Sivert og køyrde inn til brygga i enden av Stavbergvatnet. Eg kasta ut i elvestraumen, men det vart ikkje napp, tok eit nytt kast, her sl sluken seg på tvert så eg sveiva raskt inn. Vent no litt, der fylgde med ein fin ørret, han vart ikkje fast då sluken var på tvert.  Eg kasta ut ein gong til og der sat han. Ein flott og feit ørret. Køyrde etter ei stund heim til broderen for å motbevise påstanden om dårleg bet. Den blei vogen til 1,27 kg.  Tore insisterte på at vi skulle seie 1,2, og eg hevda 1,3 kg.

Oerr