Ja, for den som er interessert i bygdeutvuikling, må det som skjer på Sæbø om dagen glede mykje.  Det er spesielt mange som må ein tur bort til det som skal verte ny småbåthamn i fjøra mellom Sagafjord Hotell AS og elveosen.  Store gravemaskiner og lastebilar er noko som interesserer mange - ikkje minst  dei som går i barnehagen.

IMG_4747 (Large)

Masse vert grave ut frå det som skal verte det djupaste området i småbåthamna og flytte med lastebil til eit mellomlager like ved.

No kom underteikna tidlegare til å skrive at gravemaskina som vert brukt, er på 42 tonn.  Det har eg fått velfortent refs for.  Mannen bak spakane i gravemaskina, Kurt Fossheim, opplyste i dag - slik som gravemaskina no var utrusta - vog  53 tonn.  Berre graveskuffa - den største - veg over 4 tonn, altså like mykje som ein normalt stor traktor.  I denne skuffa får han med ca. 3,5 kubikkmeter masse...  Gravemaskina har også mange tekniske finessar.  T.d. veit Fossheim nøyaktig kor djupt han grev til ei kvar tid uansett om maskina står vassrett eller ikkje.  Heller ikkje treng han gå ut av førarhuset for å få vite nærast det han vil. Han ser det meste på ein skjerm.

IMG_4747 (Large)

Frå venstre:  Kjell Otto Holen, leiar for Sæbøgruppa i bygdeutviklinga, gravemaskinførar Kurt Fossheim og lastebilsjåfør Jonny Delbekk.  Begge dei to siste arbeider for K A Aurstad AS.

Kurt Fossheim vil ikkje seie noko nøyaktig om kva tid dei reknar med å vere ferdige. - Det er det utbyggarane Kenneth Hustad og Bodil Hustad Egset som bestemmer, opplyser han til hjorundfjord.no.  Han fortel likevel at  ut i neste veke vil dei starte med å køyre masse til Sæbø sentrum - til det området som skal verte  m.a. strandpromenade.

IMG_4752 (Large)

Stor dag for eldre og yngre gutar og jenter frå barnehagen på Sæbø.  Fleire kan stå i svært så lang tid å sjå på den store gravemaskina

IMG_4754 (Large)

Her er to litt eldre gutar som inspiserer.  Jostein Koppen til venstre, Magnar Aklestad til høgre.

IMG_4750 (Large)

Men endene, måsen og tjelden som er like ved, ser ikkje ut til å bry seg.

Elles var Jostein Hanebrekke og Kjell Martin Standal, som begge arbeider for Sæbø Bygg AS, i dag  sysselsette med å lage forskaling til ei plattform.  Denne plattforma skal vere underlag for landgangen som skal gå ned på den nye flytebrygga - når ho kjem.

IMG_4737 (Large)

Kjell Martin Standal(t.v.) og Jostein Hanebrekke lagar forskaling til  plattform til landgangen frå flytebrygga.

Dei to snikkarane opplyste at forskalingsarbeidet gjekk utan problem av noko slag, men eitt minus var det - nordavinden.  Nordavinden i dag var ekstra kald, ja, dei to angra nesten på at dei ikkje hadde hatt på seg termodressar.  Men som vi ser av fotoet over hadde dei funne ei løysing på problemet - snu ryggen til den verste vinden.

IMG_4740 (Large)

Og her ser vi han som kjem til å nytte den nye flytebrygga mest - båtførar og eigar av M/S "Hjørundfjord" - Oddvar Olsen. 

Båtførar Oddvar Olsen var sjølvsagt i nærleiken.  Han passa m.a. på at naudsynte fortøyingsfeste kom på plass i forskalinga.  Ja, ja, det vart sjølvsagt plass til litt diskusjon også, men det såg ut som om samarbeidet mellom snikkarar og båtførar gjekk fint.

IMG_4742 (Large)

Diskusjon med armrørsler.  Kjell Martin(t.v.) Oddvar og Jostein.

IMG_4743 (Large)

Og litt instruksjon til er på sin plass...