DSCN2343

Sola kjem snart opp bak Saksa. 

I dag venta eg. Eg skal ikkje på arbeid før kl. 14.00, og har ikkje anna å gjere. Då ventar eg på lyset. Lyset før soloppgang kan vere fantastisk. I dag var det akkurat det.

 

Eg er ingen toppfotograf. Rett nok høyrer kameraet til yrket mitt, mem det handlar i første rekkje om å fange personar i gjevne situasjonar. 

 DSCN2348

Snart morgon i Norangsfjorden, 

Det er noko heilt anna å fotografere natur, for ikkje å snakke om lyset. Morgonrøde i Hjørundfjorden er fantastisk. Eg har ikkje fanga alt i kamera.  Det er umogleg, og må opplevast.