DSCN2285

Her er Terje Holen (t.v.), Mats Riise og Marius Strandmann (kva held han i forresten) konsentrerte i oppgjeret mot Volda2. Held dei oppe konsentrasjonen mot Åheim.

 

Sæbø har fått ein rakettstart på sesongen med fem strake sigrar, og av dei tre på bortebane. Det er sterkt.

Ser ein på tabellen, skal det vere lett match for Sæbø mot Åheim. Sæbø har femten poeng på fem kampar, medan Åheim har tre poeng på fire kampar. Men tabellen lyg litt. Åheim, som faktisk har opprykksambisjonar, har møtt Bergsøy2 og Flø borte. Likevel, heimetapet fredag mot Gjerdsvika (3-4) er ikkje tillitsvekkande for laget.


Då er det viktig for Sæbø å  vere konsentrerte frå start, og ikkje ta lett på oppgåva. Men til no i sesongen har Sæbø spelt klokt. Berre heimekampen mot Volda2 var eit lite minus. I dei andre kampane har Sæbø kontrollert inn sigrane.

I siste kamp var Jan Kjetil Holen plaga med ein strekk. Ynge Frøland er ute med strekk, og korleis er det med Øyvind Wille? Kan vi vente at desse er kampklare? Og skal Ole Sunde debutere snart?

Den som møter på Sæbø stadion måndag får sjå. Det vert ikkje livereferat frå kampen, men hjorundfjord.no skal gjere det ein kan for å få lagt ut resultat, referat og bilete raskast mogleg etter kampen.

Vel møtt!