91 min: Kamp slutt. Sæbø vann 2-0 og tok sin femte strake siger.

90. min: Marius Strandmann gjekk frå eigen banehalvdel, og passerte heile Gjerdsvika-laget. Åleine med målvakta vart han noko forfjamsa over situasjonen, og skaut rett på keeper.

86. min. Skot frå Tommy Riise Olsen like utanfor. 

85 min. Gjerdsvika har ikkje gjeve opp. Farleg sjanse, men skotet gjekk utanfor. 

82 min: 0-2. Terje Stokke klinka ballen knallhardt i krysset, i målvakta sitt nærmaste hjørne. Perle.

80 min: Stor Sæbø-sjanse. Jan Kjetil Holen har erstatta Stig Harald Myklebust. Holen skaut eit frispark like over, og satsar på at strekken ikkje skal forverre seg. 

76 min: 0-1. Marius Strandmann slo eit frispark høgt på bana. Kai Arne Skår fekk kontroll, og skaut i lengste hjørnet for målvakta.

75 min: Framleis mållaust. Kampen har jamna seg ut, og det er ganske sjansefattig.

65 min: Ingen mål i havgapet. Er 0-0 i sjette divisjon mogleg?

58 min: Sæbø har eit solid grep om banespelet. 

55. min: Framleis mållaust.

45.01: Andre omgang er i gang. 

45 min: Pause. Svak første omgang. Spelet er prega av ei humpete bane med ujamn vegetasjon. Sæbø har hatt fire avslutningar på mål. Sæbø har hatt eit hjørnespark, medan Gjerdsvika har hatt tre. Det er ein open kamp.

40 min. Dobbelsjanse til Sæbø ved Terje Stokke og Espen Frøland. Igjen meiner Sæbø-spelarane det skulle ha vore straffespark. 

35 min: Jan Kjetil Holen forlet bana med strekkskade. Mats Riise kjem inn.

27. min: Gjerdsvika er ikkje ufarlege. Kristoffer Valseth måtte slengje seg i full lengde for å slå eit skot til hjørnspark, som det ikkje vart noko av. 

22.minutt. Sæbø byrjar å ta grep. Stor sjanse då Gjerdsvika-målvakta snappa ballen rett framfor beina til Terje Holen etter innlegg frå Marius Riise.

20. min: Sæbø meiner seg snytt for straffespark etter hands i feltet. Terje Stokke med eit skot like utanfor etterpå.

15. min: Mållaust så langt. Ingen store sjansar. Begge laga har hatt kvar sin corner.

 

0 min: Kampen er i gang.

Det er fem minutt til kampstart. Sæbø har alltid hatt vanskar i Gjerdsvika. Laget sitt største tap i seriesamanheng har kome der, 0-12. I fjor vart det poengdeling 1-1 då Gjerdsvika utlikna på overtid.

 

Sæbø stiller med følgjande lag:

Kristoffer Valseth - Mats Hustad (debutant frå start), Stig Harald Myklebust, Marius Strandmann, Jan Tore Sæbønes – Kai Skår, Terje Holen, Espen Frøland, Terje Stokke - Jan Kjetil Holen- Marius Riise. På benken: Tommy Riise Olsen og Mats Riise.

Storøyra stadion blømer som vanleg. Det vert elles rapportert om strålande spelever og forbausande lite vind.

DSC00057

Det er fint ver i Gjerdsvika. Her er Sæbø-spelarane i oppvarming.

 

 

Nr.
 

NavnKamperVUTMålPoeng 
1Sæbø550015-515 
2Bergsøy 2440018-612 
3Flø530226-149 
4Tjørvåg321015-67 
5Volda 232014-36 
6Moldtustranda511312-144 
7Hødd 3/Hasundgot51139-214 
8Hjørungavåg51136-224 
9Åheim31029-123 
10Kvamsøy/ÅVK 230039-130 
11Gjerdsvika30033-100