seier vankam

Glade jenter etter seieren mot Vankam. Fv. Else Marie, Torill, Rebekka, Tiril, Kathrine, Malene, Liv Grete, Ida-Elin, Rebekka og Elisabeth.

I kampen mot Dalsfjord fungerte nesten ingenting og det vart tap 6-1. Denne kampen vil vi helst berre gløyme...

I kampen mot Vankam var det som  eit heilt anna lag som var på bana. 

                                                                                                             Vankam starta kampen med å score første målet men då vakna Sæbø/Åmdal. Trenar Emil  leia jentene på rett veg og Malene sette ballen sikkert i mål. Etter det var det einvegskøyring mot Vankam sitt mål og heile 10 ballar måtte målvakta plukke ut. 

Jentene viste fint samspel der nesten alt fungerte. Bakrekka rydda vekk nesten alt og keeper Liv Grete tok resten. Flott jenter!

vankam

Rebekka, Ida og Rebekka i aksjon.

Målskorarane for Sæbø/Åmdal var Malene 4, Ida 3, Elisabeth 2 og Else Marie 1.

Samarbeidet med Åmdal fungerar kjempebra, vi har sett det i handball og no også i fotball. Det er ein berikelse for laget og miljøet. Vi ynskjer Kathrine, Malene, Katrine og Jeanette vekomen på laget!    

Det er utrulig spennande å få følge jentene å sjå utviklinga dei har, og som lagleiar gler eg meg til fortsettelsen!

Helsing Mari-Anne