CG

Christian Gaard er med i brosjyren.

Brosjyren har vi omtalt på Hjørundfjordportalen tidlegare. Takka vere midlar frå Sparebank1 Volda – Ørsta har vi fått midlar til å utarbeide ein eigen brosjyre for turistmåla i Hjørundfjorden. 

 

Etter mykje tankeverksemd, valde nemnda bak brosjyren, Bjarne Rekkedal, Kjell Rune Klubbenes og Per Atle Røe, å vere veldig målretta. Det er nok av reiselivsbrosjyrar som er flotte å sjå til, på altfor mange sider, og som ikkje skaffar ein einaste turist.

Grindlode001  

Rekkedal Gjestehus, ei perle for Hjørundfjorden.  

 

Valet til nemnda og bygdemobilseringa var å lage ein brosjyre på åtte sider, i eit halvt A4-format (vertikaldelt). Målgruppa er operatørar innan reiselivet som skal sende folk til Hjrundfjorden. 

Det er det eine grepet. Det andre grepet er at brosjyren mest ikkje har tekst, men mange bilete. I staden for tekst vert det vist til hjorundfjord.no, der folk kan klikke seg inn på reiselivstilboda vi har. Difor har vi i hjorundfjord.no endra noko på formgjevinga for sida, og sett reiselivet på topp.

 hotellstort[1] 

Union Hotel, Øye - ein magnet 

Dette er førebels ei gratisteneste for reiselivet i Hjørundfjorden. Pengane frå banken dekkjer utviklingskostnadene. Likevel, etter kvart er dette ei teneste som aktørane i reiseivet i Hjørundfjorden må betale for. Ikkje i år, men truleg seinare år.  Det er heilt sikkert reiselivsbedrifter i fjorden som ikkje er med i oversikta. Dei må snarast melde seg, og vi legg dei inn. Etter kvart vil også formgjevinga verte endå betre. 

Haustbilde 018

Hotell Sagafjord, også ei perle. 

 

Vi kan i tillegg opplyse at bygdemobiliseringa ynskjer at det vert laga brosjyrar til innstikk for kvar einskild grend i fjorden. For Sæbø/Bondalen er arbeidet alt i gang, og vi oppmodar andre bygdelag til å starte arbeidet med å lage faldarar om opplevingar og attraksjonar i eigne bygder som kan stikkast inn i den nye Hjørundfjord-brosjyren.