IMG_5372 (Large)

Kanutte Strand.

Nutte - Kanutte Strand - ville overraske dotter si Wenche  med eit flott bestikk i julegåve.  Bestikk vart bestilt, men det som kom i posten var gryter.... 

Gryter er slett ikkje det same som bestikk.  Grytene vart returnert og Nutte vart i alle høve lova at ho skulle få pengane tilbake.  Men ikkje kom det pengar og ikkje kom det bestikk.  Etter kvart vart det mange purretelefonar til firmaet prisfest.no, men pengane  kom  ikkje.

I kveld fekk vi sjå at saka vart ordna til det nest beste - Nutte fekk ikkje bestikket ho ynskte seg, men ho fekk i alle høve pengane tilbake takka vere at programmet "TV 2 hjelper deg" tok opp saka.

Nutte fekk altså pengane tilbake, men i tillegg vart det god reklame for Hjørundfjorden på TV 2.  Vi fekk nemleg også sjå vakker natur på ein vakker vårdag.