Bjørke-kurs 003

Knut Hustad orienterer om bruken av Hjørundfjordportalen.

Det er Knut Hustad og Rune Sæbønes som held kurset, og opplegget er tilsvarande det som var på Bondalen grendehus i fjor haust.

Det vil seie at det er ein gjennomgang av oppbygginga av portalen, og der etter ein gjennomgang av korleis ein vert brukar, og dermed ein som kan leggje inn nyhende og artiklar på hjorundfjord.no.

For poenget med hjorundfjord.no, er at han er brukarstyrt. Det er heilt opp til brukarane sjølve å avgjere kor mykje av nyhende og artiklar som skal liggje inne.

Hugs at hovudutfordringa for hjorundfjord.no ikkje er at her er for mykje av einskilde typar stoff, men for lite av alt anna.

Alle er hjarteleg velkomne som brukarar av portalen. Vert det førespurnader, kan det hende portalen sine folk stiller på kurs også andre stader i fjorden.

Kursdeltakarane på Bjørke verkar nøgde. - Eg synest det er interessant. Eg har vore inne nokre gongar, men så langt har eg ikkje brydd meg om å leggje inn stoff, seier Jarle Myklebust, deltakar på kurset i kveld.

Kanskje vert han motivert til å verte brukar no?