Styringsgruppa inviterer nokre som har lyst å møte styringsgruppa for å kome med sine ynskje om kva vi skal legge arbeid på framover for å få folk til å trivast og for å busetje seg her.Denne gongen kunne vi tenkje oss å få besøk frå dei unge i bygdene.

Vi har gjort ein del i Sæbø og no er vi avhengig av gode innspel korleis det skal tillagast og kva som skal være der i framtida, på dei nye områda. Kva som skal gjerast vidare for at vi skal kunne satse på turisme. Kva med bygdene Øye og Urke? Bjørke har vi gode folk som arbeider med saka, men her er dei også  avhengig av at dei unge tek eit tak.

Styringsgruppa er i dag samansett av 11 personar og to er frå Bjørke, men vi manglar  medlemmar og engasjement frå Norangsfjorden. Bygdemobliseringa har opparbeidd seg eit godt forhold til leiinga og saksbehandlarar i Ørsta kommune og kan hjelpe til i bygdene for setje saker på dagsorden. Vidare har vi gode kontakter i fylket som hjelper oss med saker som ikkje Ørsta kommune kan gjere noko med. 

Vi tenkjer oss den fyrste timen til besøkjande for å kome sine meiningar og så ein kaffi(brus) og matpause og deretter må styringsgruppa ha tid til vanlege møtesaker. 

Ta kontakt med leiar og avtal om kva, når og kven som kjem, så skal vi love at dykk får møte eit styre som lyttar og vil ta alle henvendelser alvorleg. Vi kunne tenkje oss ein alder på ca.13-25 år. 

Med helsing

Styringsgruppa i Hjørundfjorden Bygdemoblisering - Ivar Svein Mo leiar. Tlf 90203236 - 70040076- mosveise@tussa.com