Noreg Rundt 117

Programleiar May Britt Haukås presenterer Slogen og Hjørundfjorden i Noreg Rundt fredag.

Søndag og måndag vart opptaka gjorde. Søndag starta turen grytidleg frå Langevåg, der M/S Thorolf stima innover i kuling og stormkast. Det vart gjort opptak om bord, og frå ei lita Pioneer-jolle ute på sjøen. Måndag vart det gjort opptak på Hotel Union, Øye.

Haukås er no programleiar for ti Noreg Rundt-program på NRK1. Ho har hatt to program, og sendinga fredag vert altså den tredje.

- Vi plar ha fem innslag i Noreg Rundt, og før og mellom innslaga kjem eg inn og introduserer. Det er då eg fredag vil ha Hjørundfjorden som tema. I tillegg er det femte innslaget frå Union, så det vert mykje frå Hjørundfjorden, fortel Haukås.

Noreg Rundt 090

Per Olav Moldvær vert intervjua av May Britt Haukås medan produsent og fotograf John Anre Nøstdal og lydmann Trond Baugstø gjer arbeidet sitt.

Søndag var veret noko problematisk, og vanskeleggjorde opptaka. I Sæbø-vika var det sol, men då Thorolf runda Lekneset, kom kulingen tilbake. 

– Eg hadde tinga strålande sol, men det er gråveret som dominerer i dag. Slik er det, men det viser også kontrastane, seier Haukås.

Noreg Rundt 032

Det var vanskeleg å gjere opptak frå Pioneer-jolla.

I mellomstikka presenterer ho M/S Thorolf, som vart bygt i 1910/1911, og som vart kjøpt til Langevåg. Der er båten enno, og han er restaurert og ått av eiga stifting. Det er Cruise Service som disponerer båten.

Dagleg leiar i Cruise Service, Per Olav Moldvær, er også med på eit av mellominnslaga, der han fortel om fasinasjonen for Hjørundfjorden.

Noreg Rundt 024

Akkurat då D/S Thorolf var i Sæbøvika, var veret brukbart.

- Moldvær er interessant å ha med, fordi han no prøver å få turistar til Hjørundfjorden, seier Haukås. Ho skal altså halde på med Noreg Rundt i heile sommar, og vil få meir enn ein halv million sjåarar til kvart program. Noreg Rundt har passert tretti år, og er stadig like populært.

Haukås fortel at ho har vore i Hjørundfjorden fleire gonger. – Mitt første møte med Øye var då eg kom ned Norangsdalen i oppdrag for reiseprogrammet til NRK Møre og Romsdal. Eg kom ned mot bygda, og såg dalen og fjorden opne seg. Det var noko av det mest fantastiske eg har sett, fortel Haukås.Når ho skal prøve å skildre kva som er speiselt med Hjørundfjorden, peikar ho altså på det storslagne.

 Noreg Rundt 071

Per Olav Moldvær i Cruise Service kan ikkje få nok av Hjørundfjorden. 1. juli er han klar med Fjordabåten igjen.

– Det er naturen, det er at her framleis er mykje uberørt. Ein vert nærmast nasjonalromantisk når ein kjem inn Hjørundfjorden, seier Haukås.

Per Olav Moldvær i Cruise Service var altså med på turen søndag, er berre glad for å kunne vise fram Thorolf og Hjørundfjorden.

 Noreg Rundt 125

Johan B. Øye, deleigar i Union, ynskte Moldvær og dei andre velkomen til Øye.

– Hjørundfjorden er den levande fjorden. Det er fjorden med kontrastane. Det er der vatnet renn i stride straumar ned i fjorden, seier Moldvær.  

Noreg Rundt 111

Både Haukås og Moldvær gler seg til sendinga fredag, og det gjer kanskje hjørundfjordingane og....?

Det er meir om saka i Møre-Nytt si tysdagsutgåve.