Sæbø IL 008

Truls Ivar Kvistad har akkurat sett in sigersmålet mot Sandsøy.

Det har altså vorte ein siger og eitt tap så langt i sesongen. Mot Tjørvåg 1 vart det tap 3-11 i Tjørvåg. Måla til Sæbø kom ved Truls Ivar Kvistad, Jakob Hauge Moe(kaptein) og Andre Mo.

Tjørvåg 1 stilte stilte eit sterkt lag med kun sisteårs gutespelarar. Sæbø klarte til tider å halde følgje, men Tjørvåg var farlege på kontringar og var flinke til å skape overtalsituasjonar. Stillinga var 4-1 til pause. God innsats frå Sæbø, men Tjørvåg blei hakket for sterke.
Liv Grete
Liv Grete Stokke tok seg tid til å stille opp for hjorundfjord.no sin fotograf. Men ho hadde nok å gjere på mot Sandsøy.
Då gjekk det betre sist fredag. Sæbø slo Sandsøy 3-2.Måla kom ved Jakob og Truls (2). Trenarane var svært nøgde med kampen. Sæbøleia 2-0, men Sandsøy kom tilbake og utlikna, før Truls Ivar skåra sigersmålet.
Det heiter gutelag, men på Sæbø spelar både gutar og jenter. Liv Grete Stokke hadde ein svært god kamp i mål.